Meir enn bare ein veg

Laurdag kunne vegstyresmaktene slå fast at fylkesveg 520 mellom Breiborg og Røldal var rydda for snø og klar for sesongopning. Den tidlege vegopninga har både ei praktisk og ei symbolsk betydning for saudabuen.

Alt i opningshelga blei vegen tatt flittig i bruk. Både skientusiastar på nutjakt, bilturistar forvitne på snømengda denne våren og kjøretøy med andre ærend over på austsida var å sjå langs fjellovergangen.

«Kva tid vegen skal opna etter å ha vore vintestengt er ein lokal «snakkis» kvart år»

Mykje kan seiast om både vegbreidde og svingar langs den drygt fire mil lange fylkesvegen frå Sauda til Håra, der til og med godt bil-vande har fått kjenna på utfordringar med å halda på mageinnhaldet. Likevel tyder mykje på at saudabuen er glade i vegen «sin». Kva tid vegen skal opna etter å ha vore vintestengt er ein lokal «snakkis» kvart år. Saudabuen forbannar både vêrgudar, vegstyresmakter og brøytemannskapar om ikkje familien austfrå kan nytta vegen på veg til konfirmasjonsfeiringa eller komma seg «heim» til Saudadagane den vegen, men rosar like gjerne dei same dersom vegen kan opnast foran skjema. Uansett er opninga av vegen over Saudafjellet eit vårteikn mange følgjer med på. Ikkje for det at dei nødvendigvis skal bruka vegen, eller har brukt han på mange år, men vegen austover opnar mulegheiter og bringer alt på austsida litt nærare.

«ein veg kan vera så spektakulær og så mykje nasjonal turistveg han bare vil»

Ein skal sjølvsagt ikkje kimsa av nytteverdien i ein tidleg opna fjellovergang. For næringslivet er tid pengar, og sjølv store vogntog og semitrailerar vel gjerne fylkesveg 520 austover, trass i krevjande kjøreforhold. For sommardestinasjonen Sauda betyr fylkesvegen over til Røldal å bli ein del av ein muleg rundtur, i djup kontrast til blindvegen i enden av ein fjord når bommen i Tverrdalen ovanom Breiborg er stengt. Bubilsesongen startar lenge før juni, både for norske og utanlandske vegfarande. Og ein veg kan vera så spektakulær og så mykje nasjonal turistveg han bare vil; er han stengd er han i grunnen ganske verdilaus.

Dei siste 15 åra har brøytekontraktane slått fast at vegen skal opnast til 15. mai, utan at dette har gitt nokon garanti. Saudafolk minnest med gru 2015 då ein måtte venta heilt til 3. juli før snøskavlar og is etter ein uhyre snørik vinter var tilstrekkeleg fjerna. I år har imidlertid snøforholda gjort det muleg å opna vegen tidlegare, i tillegg til at «dei som har noko med det» har stått på for å heva bommen to veker før dei strengt tatt måtte. Det fortener dei ros for.