Russefeiringa blir annleis i år, enn då dette biletet blei tatt i 2019. Årets saudaruss får tommelen opp frå kommuneoverlegen, han åtvarar dei mot kontakt med russ frå Nord-Jæren, grunna svært høge smittetal.
Russefeiringa blir annleis i år, enn då dette biletet blei tatt i 2019. Årets saudaruss får tommelen opp frå kommuneoverlegen, han åtvarar dei mot kontakt med russ frå Nord-Jæren, grunna svært høge smittetal. FOTO: Arkiv.

– Styr unna russ frå sørfylket

Kommuneoverlege Knut A. Omdal skryt av russen i Sauda, men rettar ei klar åtvaring til alle russ og skuleelevar i kommunen, nemleg å halde seg unna russen frå sørfylket.

Koronasituasjonen i Sauda er no tilsynelatande heilt under kontroll. Alle personane som blei sett i isolasjon etter utbrotet ved Sauda bilverkstad, er no ute av isolasjon, medan eit fåtal fortsatt er i karantene.

– Dette utbrotet er eit godt eksempel på at det er viktig å vere rask med å teste seg ved mistanke om smitte, sjølv med lette symptom. I denne saka var ein rask med å teste seg, og då fekk ein raskt sett i gang tiltak med karantene og testing av nærkontaktar. At dette blei oppdaga raskt, forhindra nok eit mykje større utbrot i Sauda, seier kommuneoverlege Knut A. Omdal til Ryfylke.

Åtvarer mot russebussturar

Situasjonen er ikkje like rosenraud alle stader i fylket, og kommuneoverlegen ber no russen og andre skuleelevar i Sauda om vere spesielt på vakt, grunna ein stadig eskalerande smittesituasjon blant russen i fylket, og då særleg i den sørlege delen.

– Dette bør både russen og andre elevar vere veldig oppmerksame på. For eit par dagar sidan fekk russen på Nord-Jæren påvist nokre få positive koronatilfelle. I går, onsdag, fekk 58 russ frå dette området påvist smitte. Eg ber alle om å styre unna all kontakt med russ frå sørfylket, slik situasjonen er nå.

Han understrekar at det ikkje bare er russen som er utsett. Også andre skuleelevar har normalt omgang med russ frå andre delar av fylket og landet.

– Det er mange som synest det er gøy å vere med russen i russebussar og russebilar, men ein er veldig utsett for smittefare i desse køyretøya, og eg vil derfor råde sterkt om å unngå dette, seier han.

– Ansvarleg

Omdal presiserer at det ikkje er noko som tydar på at russetida vil bli ein vesentleg risikofaktor i Sauda. Han er klar på at saudarussen har førebudd seg godt, og at dei har vist både innsats og ansvarlegheit i si planlegging av russetida.

– Russen i Sauda har lagt ein veldig god plan. Det fungerte utmerket under russedåpen, og om dei held seg til sin eigen plan, vil dette gå heilt fint. Dei opptrer ansvarleg, og det kjem heile Sauda til gode, seier han.

Når det gjeld den generelle feiringa på 17. mai, viser Omdal til dei nasjonale retningslinjene.

– Feiringa i år blir under visse restriksjonar, og dette må folk sette seg inn i. Det gjeld spesielt dette med begrensing av tal på besøkande ein kan ha, avsluttar kommuneoverlegen.

Dei nasjonale tiltaka, som var gjort gjeldande frå 16. april, seier at ein blir oppfordra til å ikkje ha meir enn fem gjester i private heimar, unntatt når alle gjestane kjem frå same hushald, då ein kan vere fleire om det er muleg å halde éin meters avstand.