Kan bli eit kjempeløft for sentrum

Like over nyttår blei det kjent at det ligg føre planar om bygging av eit lite kjøpesenter i Rådhusgata. Planane inneber både nye butikkar og leilegheiter, begge deler positivt for sentrum.

Ein del av den vidare prosessen handlar om å riva Rådhusgata 24 for å gi plass til eit påbygg til Rådhusgata 22, der Sauda Fargehandel har halde hus sidan 1985.

Det er inga overdriving å seia at den grå, murkledde bygningen som ligg på nummer 22 i dag, neppe kan karakteriserast som nokon fryd for auga. Dei foreløpige skissene til fasade for kjøpesenteret i Rådhusgata 22-24 ber imidlertid bod om vesentlege endringar til det betre.

« …ligg den nyaste versjonen nær å få tommelen til å peika i meir oppløftande retningar»

Så langt ligg det ikkje føre godkjenning for utbygginga verken frå regionale eller sentrale styresmakter. Det er likevel dialog om å finna løysingar som kan aksepterast innanfor rammene av gjeldande planar og føresegner i området. Medan førsteutkastet fekk tommelen ned frå fylkeskommunen, ligg den nyaste versjonen nær å få tommelen til å peika i meir oppløftande retningar frå den kanten.

Både kommunen, fylkeskommunen og statsforvaltaren blir til tider oppfatta som bremseklossar for lokal utvikling. For utbyggaren i Rådhusgata er det sjølvsagt både tid- og kostnadskrevjande når forslag møter motbør, noko som i utgangspunktet er kjedeleg. Likevel treng det ikkje å vera negativt at nokon følger med på at vedtak og løyve til bygging samsvarar med vedtatte planar. Eller at lokalpolitikarar vel å stilla krav og legga føringar for utviklinga i kommunen – spesielt i indrefileten av Sauda sentrum.

«vil utan tvil gi denne delen av sentrum eit positivt løft»

Ei utbygging som omsøkt i Rådhusgata vil utan tvil gi denne delen av sentrum eit positivt løft. Både i form av ny aktivitet med nye butikkar, men også fordi sjølve bygget vil gjera området finare. I tillegg vil tilgangen på nye leiligheiter sentralt, i tråd med kommuneplanen, kunna bidra til fleire bebuarar og med det eit meir levande sentrum.

Me kryssar fingrane for at partane saman kan komma fram til ei god og gjennomførbar løysing, både for utbyggar, styresmakter og for Sauda sentrum.