Grei ut Alternativ 4!

Nyheita om at fylkeskommunen får tilbake ytterlegare 16 millionar kroner av den bortfalne statsstøtta til hurtigbåtruter gir håp og mulegheiter for eit betre rutetilbod i Indre Ryfylke. Dei ekstra pengane medfører også ei vesentleg endring i føresetnadene for ruteforslaga som var sendt ut på høyring til kommunane.

Blant dei tre forslaga som blei sendt ut å høyring, kjem Sauda og indre strok best ut av alternativ 3. Dette alternativet inneber eit tilbod som i det store og heile bare er litt dårlegare enn i dag. Kommunestyret i Sauda valde likevel å senda inn sitt eige alternativ, alternativ 4, som ikkje bare opprettheld, men også betrar rutetilbodet for Indre Ryfylke samanlikna med i dag.

«For Indre Ryfylke sin del står likevel den viktigaste jobben att»

Omfordelinga av midlar i kommuneproposisjonen har sjølvsagt ikkje kome heilt av seg sjølv. Her er det gjort ein god jobb for å overtyda sentrale styresmakter om behovet for og betydinga av eit godt båtrutetilbod i Ryfylke. For Indre Ryfylke sin del står likevel den viktigaste jobben att: Å få fylkespolitikarane til å forstå viktigheita av eit oppegåande kollektivtilbod også i det nordaustre hjørnet av fylket.

«ikkje urimeleg at betre kommunikasjonar i Ytre Ryfylke kjem indre strok til gode»

Det er ikkje urimeleg å krevja at store investeringar i infrastruktur skal konverterast til innsparingar i kollektivtrafikken. Innsparingane må imidlertid først og fremst skje der bruene og tunnelane er bygd. Det er heller ikkje urimeleg at betre kommunikasjonar i Ytre Ryfylke kjem indre strok til gode, mellom anna i form av færre båtanløp der ute og med det kortare reisetid mellom endepunkta Sauda og Stavanger.

– Eit godt rutetilbod i Ryfylke er avgjerande for Rogaland fylkeskommune, og me kjem til å gjera alt i vår makt for å sikre eit fortsatt godt tilbod, slo fylkesordførar Marianne Chesak fast i eit intervju med Ryfylke for ganske nøyaktig eitt år sidan. Det burde vera unødvendig å presisera at eit godt rutetilbod i Ryfylke også må bety eit godt rutetilbod i Indre Ryfylke.

At Alternativ 3 ser ut til å få størst oppslutnad i høyringsrunden, betyr ikkje at dette gir eit godt og framtidsretta rutetilbod på Ryfylkefjordane. I valet mellom fleire vonder, vil alle velja det som smertar minst.

Med 16 millionar kroner meir å kjøra båt for har fylkespolitikarane fått eit utmerka høve til å sjå nærare på mulegheitene for å gi rutetilbodet i Indre Ryfylke eit løft. Det bør først og fremst skje ved at ein greier ut Alternativ 4 og lar dette bli ein del av saka i fortsettinga.