Slik blir det nye minigolfanlegget ved andedammen.
Slik blir det nye minigolfanlegget ved andedammen. FOTO: Grafikk: Mads Albertsen.

– Minigolfanlegget kan stå ferdig om ein månad

Andedammens venner har som mål at ein 18-hols minigolfbane skal vere klar til bruk når årets skuleferie startar.

Andedammens Venner har fått på plass såpass mykje av økonomien at dei har bestemt seg for å bygge eit minigolfanlegg så raskt som det er praktisk muleg. Eit ideellt aksjeselskap er oppretta, som skal ta seg av utviklinga av området. I første omgang er oppgåva til aksjeselskapet å få på plass mingolfanlegget. Selskapet har fått namnet Saude Utvikling AS.

– Dersom alt går etter planen skal minigolfanlegget vere ferdig og klar til bruk i slutten av juni. Men det kan hende at det går litt lenger tid. Det er framleis ein del avklaringar som må på plass først, seier Filippo Ballarin, som er styreleiar i det nye selskapet.

Med seg i styret har han fått Andreas Wahlman, Kristina Berge Nygård, Kjell Reidar Aabø og Hans Søndenå.

Korleis utforminga av anlegget blir er ganske klart.

– Temaet til banen blir smelteverkets historie. I tillegg prøver med å få til noko om sinkgruvene, seier styreleiaren, og siktar da til korleis ulike element på minigolfbanen blir fysisk utforma.

Teikningane til anlegget er ferdige, men det kan bli eit par mindre justeringar.

To mål stort

Minigolfanlegget blir litt over 2000 kvadratmeter stort og blir bygd ved andedammen. Det blir også vurdert å flytte den gamle ”Moen ved Broen”-bua dit, og at denne skal fungere som eit lite servicebygg der ein kan leige køller og baller for å spele.

– Minigolfanlegget skal vere ope på sommarhalvåret. Nøyaktig kor lenge anlegget skal vere ope er ikkje bestemt. Men målet er at det skal vere ope lenger enn skulane sin sommarferie, seier Filippo Ballarin.

Han opplyser at golfanlegget vil kreve eit par tilsette som skal ta seg av utleige.

Totalt er det budsjettert at det vil koste cirka to millionar kroner å etablere anlegget.

– Cirka éin millionar kroner har me tenkt å lånefinansiere i første omgang. Resten av økonomien er på plass. Me har tru på at me vil få inn meir støtte til anlegget, men me ønsker å få fortgang i prosessen slik at dette kan bli eit tilbod alt i sommar, seier Filippo Ballarin.

Han opplyser at det ikkje er lagt opp til at minigolfanlegget skal bli ei framtidig inntektskjelde.

– Målet er at det skal tilføre Sauda noko, og kun skal gå rundt økonomisk med tanke på drift og vedlikehald, seier Filippo Ballarin.