Bowling neste?

Om alt klaffar kan saudabuar og tilreisande om ein månads tid møtast til eit slag minigolf i parkområdet lengst søraust i Åbøbyen. Det er ganske imponerande levert av eldsjelene bak parkanlegget ved Andedammen og deira samarbeidspartnarar.

Ein minigolfbane kan kanskje høyrast smått ut. Det er det også – i namnet. Eit anlegg som det som nå er i ferd med å komma på plass ved Andedammen krev likevel planar for både bygging og drift, i tillegg til finansiering. Og for å komma dit, trengst det interesse, vilje og pågangsmot. Det har Andedammens venner vist gjennom eit fleire tiår langt engasjement for den sentrumsnære idyllen. Dei seinare åra har utviklinga av området skote fart, og siste tilskot er altså eit 18 hols minigolfanlegg.

«imponerande levert av eldsjelene bak parkanlegget ved Andedammen og deira samarbeidspartnarar»

Saudabuen har alltid vore god på frivillig innsats og dugnadsånd. Og ikkje bare det; når utfordrande kommuneøkonomi dei siste åra har avgrensa Sauda kommune sin evne til å bidra med reine pengar i utviklingsprosjekt, har kloke hovud saman med gode støttespelarar saman funne finansieringsløysingar. For optimisten finst det som kjent ingen problem, bare utfordringar. Og utfordringar kan løysast.

Over tid og i ulike samanhengar har saudafolk og tilreisande ymta om at Sauda gjerne skulle hatt ein bowlinghall. Gjerne kombinert med eit lite leikeland. Ein slik, uformell møtestad med ulike aktivitetar, vil gi eit tilbod for alle aldersgrupper og i tillegg passa midt i blinken for alt frå barnebursdagar og pensjonisttreff til utdrikkingslag og bedriftsturneringar. Til liks med minigolfbanen vil ein bowlinghall vera eit flott bidrag til å skapa bulyst og til å gjera Sauda attraktiv.

«Saudasamfunnet sin vilje og evne til å utvikla og bygga nye aktivitetstilbod og attraksjonar er eit makalaust utgangspunkt for vidare utvikling av lokalsamfunnet»

Saudasamfunnet sin vilje og evne til å utvikla og bygga nye aktivitetstilbod og attraksjonar er eit makalaust utgangspunkt for vidare utvikling av lokalsamfunnet. Dersom rette vedkommande tenner på ideen, viser historia at det heilt klart bør vera muleg å få til eit bowling- og leikeland i Sauda. Aller helst i eller nær sentrum. Og gjerne på området der musikkpaviljongen står.