Ingemund Drarvik Foto_Privat
FOTO: Privat.

Ingemund Drarvik til minne

Sjølv om sjukdomsbiletet ikkje gav gode utsikter var det tungt og motta bodskapet om at Ingemund Drarvik hadde rusla i førevegen.

Eg minnest godt dagen då Ingemund fekk den tøffe beskjeden.
Me arbeidde med grave- og sprengingsarbeid på Espeland denne dagen. Då Ingemund kom attende i frå legen orienterte han sjefen sin kort om situasjonen før han vrei om nøkkelen på boreriggen og fortsette arbeidet.

Mange var øvegidde på at han kunne halda fram arbeidet på same måte både denne dagen og dagane som følgde, men slik var Ingemund, ein arbeidskar av rang.
Ingemund vart ofte tilkalla til jobbar der andre var i ferd med å gi opp eller såg svart på korleis ein skulle få dette til. Då var han i sitt ess, jo større utfordring og meir på kanten eit prosjekt var, desto betre

Med lang og brei arbeidserfaring var Ingemund også ein ressurs for dei som var nye i faget eller arbeidslivet. Einaste kravet var at du hadde evna til å høyra etter. Viss du ikkje var interessert i å høyra etter og ikkje allereie kunne faget, kunne Ingemund gi korte og veldig direkte beskjedar som den gong han stakk hovudet inn på kontoret og forkynna til dagleg leiar: «Han du sende med meg i dag finst ikkje brokande.»

Det høyrde sjeldanheita til at Ingemund ikkje var skitten ifrå topp til tå etter endt arbeidsdag. Han var første mann til å hoppa ned i kummar og grøfter eller kasta seg ned i oljesøl dersom det var havari på maskiner og utstyr. «Eg er aldri kledd slik at eg kan oppi dine maskiner» uttalte Ingemund med eit tydeleg hint om at han tykte eg var i overkant nøye med korleis reinhaldet skulle vera i maskinen.

På same måte som i arbeidslivet var Ingemund og ein ressurs i Hylsfjorden, anten ein skulle arrangera fiskefestival eller bygga veg til fjells. Når tilrigginga til fiskefestivalen var over kunne Ingemund òg stilla som vakt på kvelden, gjerne på dei mest utsette plassane, som i arbeidslivet likte han også her å vera der det skjedde.

Ein episode fleire enn meg hugsar godt var då han skulle stå vakt mellom scenen og publikum på ein av dei verkeleg store bryggedansane i Vanvik. For å unngå kaos vart det sett opp rekkverk av pallar cirka éin meter ifrå scenekanten, og i dette einmetersrommet var det sjølvsagt at Ingemund skulle stå vakt. Ingemund stilte opp i kjend mundur med caps, godt nedknappa skjorte og dongeribukse. På baklomma var hammaren etter bygging av gjerde og i tilfelle det vart naudreparasjonar utover kvelden.
Ettersom kveldsmørkre seig på og motet steig på tilskoderane var det ein kar ifrå Sand som ville klatra på gjerdet til Ingemund. Etter tilsnakk til ingen nytte tok Ingemund opp hammaren og dunka Sandsbuen lett over fingrane slik at klatringa gav seg, men då vart karen fornærma og kvitterte med å nappa capsen av hovudet til Ingemund og forsvann ut i folkemengda. Utan å tenka seg nemneverdig om hoppa Ingemund opp på gjerdet og formeleg stupte ut i folkehavet før han kom attende med capsen. Ein annan vakt kom til og spurde kva som hadde hendt. «Han såg mon i å sleppa capsen», svara Ingemund kort.

Ingemund var slik, han stod ikkje og vurderte opp og ned, han var ein handlingens mann anten det var på arbeid, heime på garden eller på dans.

Heime på garden i Drarvik var Ingemund ein drivar av dei sjeldne med stadige dyrkeprosjekt, kraftverk, vegbygging, skogsdrift og husdyrhald.
På veg ned til Drarvik er vegen omkransa av strøkne beite utan eit einaste ugras.
«Ser eg ugras, stoppar eg bilen og tek dei med ein gong» pleidde Ingemund seia.
Han har sett spor etter seg med sitt arbeid, både på garden og i arbeidslivet elles, som kjem til å minna oss på han i all framtid.

Sjølv om Ingemund til slutt hamna i ein kamp som ikkje kunne vinnast, takla han også dette på imponerande vis. Han forhaldt seg til sjukdommen på særs edrueleg vis og var fast bestemt på å gjera det beste utav tida som var att, anten det vart kort eller lenge.

For Ingemund var tyngste børa at han ikkje skulle få følgja døtrene og kona si lenger i livet.
Sjølv om det er tungt at Ingemund ikkje er med oss lenger kjem nok fleire enn underteikna til å trekka på smilebandet når me minnest han. Slåande kommentarar med hovudet lett på skakke og ein enorm arbeidsinnsats, ofte på halsbrekkande prosjekt, kjem til å leva vidare med minnet om Ingemund.

Tankane mine går til Ingemund sine næraste pårørande.

Fred over Ingemund Drarvik sitt minne.