Underleg prioritering

Kan det vera rett at Oslo og kommunane omkring skal få tildelt 60 prosent fleire koronavaksinar enn først fastsett, på Sauda og andre distriktskommunar sin kostnad?
Nei, meiner Sauda kommune, som dermed er ueinig med sentrale helsestyresmakter.

For meinigmann er det sjølvsagt utfordrande å gå inn i ein fagleg diskusjon om fordeling av vaksinar. Sentrale styresmakter grunngir avgjerda om skeivfordeling både ut frå helsefaglege og juridiske vurderingar inkludert tolking av aktuelt lovverk. Når Sauda kommune ved kommuneoverlege og kommunalsjef helse og omsorg har valt å krevja lovlegkontroll av omfordelinga, er dette eit tydeleg signal om at det er verd å stilla spørsmål ved heimlane som er lagt til grunn sentralt.

«Skal distriktskommunane straffast for å ha tatt smittevernet på alvor?»

Det er også på sin plass å stilla spørsmål ved det moralske ved ei slik omfordeling. Skal distriktskommunane straffast for å ha tatt smittevernet på alvor og med det halde smittetrykket nede? Skal innbyggarane i mindre folketette område måtta finna seg i å venta endå lenger på å få kvardagen tilbake, på å kunna besøka familie andre stader i landet med godt samvit og for å få større fridom til å reisa? Bare for å korta ned ventetida før den heilt sikkert grusomt tørste caffè latte-gjengen i hovudstaden får komma i gjenge igjen?

«eit tydeleg signal om at det er verd å stilla spørsmål ved heimlane som er lagt til grunn»

Sjølvsagt reagerer distrikts-Norge på ei slik framferd. Kan dette vera rettferdig? Er ikkje dette diskriminering? Nettopp spørsmålet om diskriminering er sentralt i kommuneleiinga sin kontakt med Statsforvaltaren og Helse- og omsorgsdepartementet. Det er i tilfelle grunnlovsstridig. Som kommuneoverlege Omdal uttrykker det i dagens avis: – Befolkninga skal vera sikra likeverdige helsetenester uansett kor i landet ein bur.

I Sauda har den avgrensa tilgangen på vaksinar gjort at innbyggarar i risikogrupper nedover i aldersgruppene framleis ikkje har fått vaksine. Uansett om ein legg faglege eller moralske vurderingar til grunn, framstår avgjerda om å omfordela vaksinar og dermed indirekte nedprioritera desse i beste fall underleg. Då er det godt at lokale styresmakter hevar stemma og utfordrar lovlegheita ved ein slik praksis.