Legevakta på agendaen igjen?

Stor arbeidsbelastning for legane blir halde fram som ei av årsakene til at legetenesta i Sauda for tida går for halv maskin. Elefanten i rommet synest å vera ekstrabelastninga drifta av den lokale legevakta medfører.

Debatten gjekk både lenge og høgt då kommunestyret i 2014-15 skulle avgjera om Sauda skulle inngå legevaktsamarbeid med nabokommunane, eller om ein skulle eiga og drifta si eiga legevaktteneste. Eit stort lokalt engasjement samt argument mellom anna om for lang kjøretid til ei felles legevakt i Ølen fekk til slutt 17 av kommunestyrets 19 representantar til å stemma for ei lokal legevaktordning. Dette trass i åtvaringar frå administrasjonen, som blant anna frykta at ei lokal teneste ville vera sårbar og kunne vera utfordrande å bemanna.

«lite fantasi til for å førestilla seg korleis måndagen på jobb på legekontoret blir for ein som har hatt ei travel vakthelg»

Arbeidsbelastninga i ei legevakthelg vil naturleg variera etter kva behov som oppstår. Det skal imidlertid lite fantasi til for å førestilla seg korleis måndagen på jobb på legekontoret blir for ein som har hatt ei travel vakthelg. Og kor trygt og ansvarleg er det når legen då skal gjera vurderingar som i yttarste konsekvens kan handla om liv og død?

At legar er unntatt frå arbeidsmiljølova sine reglar om arbeidstid, betyr ikkje at det er greitt og fornuftig å pålegga dei uavgrensa arbeidsmengder.

«For kommunen medfører vedtaket om lokal legevakt også økonomiske forpliktingar»

Ut frå reaksjonar i lokalavisa og i sosiale media i 2015, verka svært mange saudabuar å stilla seg bak kravet om lokal legevakt. Både folkemeininga og det politiske fleirtalet gav uttrykk for at tryggleiken til innbyggarane og behovet for rask, medisinsk hjelp, best ville bli ivaretatt med legevakta lokalisert i Sauda. For kommunen medfører vedtaket om lokal legevakt også økonomiske forpliktingar – både då og nå.

Skal Sauda kommune drifta ei oppegåande, fagleg forsvarleg legevakt, må legekontoret ha rammer som gjer det muleg å ha god nok bemanning. Det ansvaret ligg både på kommuneadministrasjonen og på kommunestyret, som til sist står som ansvarleg både for økonomiske tildelingar, prioriteringar og for å føra ein personalpolitikk som gjer det leveleg å vera lege ved Sauda legesenter.

Akkurat nå tyder fleire signal på eit misforhold mellom intensjonane i legevaktvedtaket frå 2015 og dei økonomiske rammene til legekontoret i 2021.