Det måtte fem forsøk til før eit lag frå Sauda ungdomsskule i 2020 kunne utropast som vinnarar av «Ryfylkequizen». I ein koronautsett finale på Hjelmeland i fjor haust, hadde imidlertid «LKT» med Liva Sørnes, Kristiane Teig og Toralf Garatun Rusten marginane på si side, og vann med 34 av 36 mulege poeng i finalen, halvpoenget foran lag nummer to.
Høgt nivå
Onsdag er det på ny quizfinale, der dei tre åttandeklassingane Mathilde Mikkeline Aartun, Ingrid Fatnes og Ane Schibevaag Søndenå på laget «Mai» skal forsvara Sauda si ære.
I kvalifiseringa imponerte jentetrioen med å prikka inn 42,5 av 45 oppnåelege poeng, ein prestasjon quizmaster Tor Øyvind Skeiseid karakteriserte som «sjokkerande»
Årets Ryfylkequiz er den sjette i rekka i regi av Ryfylkealliansen, organisasjonen som arbeider med merkevarebygging, bulyst og identitet i Ryfylke. Alliansen har om lag 70 medlemsbedrifter i regionen, mange av dei i Sauda.