Blir båtkampen krona med siger?

Kommande onsdag skal fylkesutvalet behandla saka om ny hurtigbåtstruktur i Ryfylke, før fylkestinget skal fatta endeleg vedtak veka etter. Signala frå samferdselsutvalet, som drøfta saka sist veke, ber bod om at rutetilbodet inst i fjordane ikkje bare blir oppretthalde, men til og med betra.

Utviklinga i hurtigbåtsaka fortel tydeleg at det kan ha noko for seg å kjempa, uansett kor mørk situasjonen ser ut. Då styresmaktene i 2018 la om den statlege fordelingsnøkkelen for støtte til båtruter og med det ribba Rogaland for rundt 90 millionar kroner, blei det varsla omfattande reduksjonar i rutetilbodet. I ei skisse utarbeidd av Kolumbus, blei det til og med antyda at båten frå Stavanger skulle snu på Hebnes.

«antyda at båten frå Stavanger skulle snu på Hebnes»

Godt politisk handverk har gitt Rogaland tilbake ein dryg tredel av pengane som forsvann – fordelt på to omgangar. Kolumbus lanserte nye forslag til rutestruktur som blei sendt ut på høyring, der det minst smertefulle frå Sauda sin ståstad enkelt forklart bare var litt dårlegare enn dagens ruter. Stemninga utover i Ryfylke ymta om at det var dette forslaget som ville få fleirtal i den politiske behandlinga. Sauda ville imidlertid ikkje gi seg utan sverdslag.

«Sauda ville imidlertid ikkje gi seg utan sverdslag.»

I eit område der kollektivtilbodet er heller avgrensa, har hurtigbåten ei sterk symbolsk betydning i tillegg til den praktiske nytta denne ruta har for indre-ryfylkingar med ærend i fylkeshovudstaden – og omvendt. Båten er òg eit viktig kommunikasjonsmiddel for den vidaregåande skulen, som kontinuerleg slåst for eigen eksistens. Og, som det til gagns blei poengtert frå fylkets nordaustre hjørne: Alle investeringane i ny infrastruktur i Ytre Ryfylke må jo resultera i eit redusert behov for båttransport!

Innsatsen til eldsjeler og folkevalde i Sauda resulterte i eit fjerde alternativ til ny rutestruktur, eitt som betrar båttilbodet til og frå Sauda – også for pendlarar. Då samferdselsutvalet behandla saka sist torsdag, skjedde det som vel dei færraste hadde våga å håpa på: Fylkespolitikarane vil fletta inn element frå Sauda sitt Alternativ 4 i det nye oppsettet, så langt det lar seg gjera.

Intensjonen frå samferdselsutvalet må kunna betraktast som ein siger for Indre Ryfylke i første runde. Den breie politiske einigheita bak forslaget som blei banka gjennom i samferdselsutvalet, gir likevel eit berettiga håp om at Sauda og Suldal til slutt kjem ut med positivt forteikn i kjølvatnet av det som blei sett på som ei krise for hurtigbåttilbodet i regionen.

Slikt kjem naturlegvis ikkje av seg sjølv, og det er mange gode krefter lokalt og regionalt som fortener ein stor porsjon ros for arbeidet dei har lagt ned i hurtigbåtsaka.