Enkelte stillingar er normalt vanskelegare å fylla enn andre. Dette gjeld typisk jobbar som krev spesielle kunnskapar og lang utdanning, der aktuelle kandidatar ofte har ein tilsvarande høgt utdanna partnar som også må finna relevant arbeid før dei vil gjera saudabuar av seg. Denne typen stillingar utgjer likevel bare ein liten del av dei som i dag står ledige i Sauda. Hovudtyngda av ledige stillingar finn ein – ikkje uventa – i bransjar der yrkesfaga dominerer.
«Rekrutteringsarbeid i seg sjølv kan dessutan vera både tidkrevjande og dyrt»
Statusen på den lokale arbeidsmarknaden er med på å stadfesta problemstillinga Ryfylke skreiv om i februar, om at for få av dei unge vel yrkesfaglege karrierevegar. Dette kjem mellom anna som ein følge av samfunnet sitt fokus på lengre og høgare utdanningar, og manglande framsnakking av tradisjonelle yrke som tømrar, røyrleggar, elektrikar og ulike fag i den mekaniske industrien.
Mangel på kvalifisert arbeidskraft, ein mangel som for øvrig er venta å stiga i åra som kjem, er eit problem både for næringslivet og det offentlege. Utan nok arbeidskraft blir det fort utfordrande å yta dei tenestene ein skal, og det blir vanskeleg å vidareutvikla og sikra større berekraft i verksemda. Rekrutteringsarbeid i seg sjølv kan dessutan vera både tidkrevjande og dyrt og oppgåver som gjerne kjem på toppen av ein alt overfylt arbeidskvardag.
«må finna seg i å vera i ein situasjon med hard konkurranse om arbeidskrafta»
Fram til samfunnet klarer å gjenreisa statusen til tradisjonelle handverksyrke, må mange bransjar finna seg i å vera i ein situasjon med hard konkurranse om arbeidskrafta. I Sauda har eit Sauda Vekst-initiert samarbeid det siste tiåret bidratt til betre samhandling mellom lokale arbeidsgivarar på jakt etter nye medarbeidarar. Eit slikt verktøy er på alle vis ein god veg å gå, men må bli gjort betre kjend blant både arbeidsgivarar og potensielle arbeidstakarar.
I konkurransen om arbeidskrafta handlar det sjølvsagt også om å stikka seg fram og bli positivt lagt merke til. Arbeidskraft er mangelvare over det ganske land. Kanskje må Sauda tenka nytt og utradisjonelt for å klara å lokka til seg nye innbyggarar?