Er Sauda lagt ned?

Mi ytring 1. juni under overskrifta «Legg ned Sauda» har ikkje resultert i nokon form for svar på mine spørsmål. Eg har fått tilbakemeldingar frå fleire i næringslivet som støttar utspelet, men kvir seg med å komma med kritikk til kommunen av frykt for problem med framtidige søknader.

Vil ordførar og rådmann framleis prøva å tia ihel all kritikk av kommunen?