Godt tiltak med folkemøte

I slutten av mars blei det kjent at sveitsiske Xbit banka på døra og ønska å etablera seg i den nedlagde Stasjon 1 i Hellandsbygd. Både hedlingar og andre saudabuar viste seg å vera delte i synet på etablering av ei bedrift som driv med utvinning av kryptovaluta på staden. Onsdag inviterte Sauda kommune til folkemøte i Hellandsbygd, der etablering av ny aktivitet i den gamle kraftstasjonen stod på agendaen.

«Kommunen skal ha ros for sitt initiativ for å skapa dialog»

Kommunen skal ha ros for sitt initiativ for å skapa dialog med hedlingane på denne måten. Dei skal også ha ros for å stilla mannsterke og godt førebudde opp på møtet. Samstundes skal hedlingane ha honnør for å stilla opp. Rundt halvparten av dei fastbuande fann vegen til Storstov denne kvelden, og dei frammøtte nytta høvet godt både til å stilla spørsmål og gi kommunen tilbakemeldingar.

«Debatten om den førespegla etableringa i Hellandsbygd er viktig med omsyn til kva konsekvensar nyskapinga vil få for innbyggarane i bygda»

Eit folkemøte er ein utmerka arena for deling av informasjon, for meiningsutveksling og for å få svar på spørsmål. Skal ein kunna ha ein god, meiningsfull debatt, er openheit og kunnskap viktige faktorar. Debatten om den førespegla etableringa i Hellandsbygd er viktig med omsyn til kva konsekvensar nyskapinga vil få for innbyggarane i bygda og for kva som ligg i ei slik etablering for Sauda kommune. Dessutan ligg det også ein meir overordna, generell debatt til saka, der det overhengande spørsmålet er om denne industrien, som bruker store mengder fornybar industri, er noko Sauda og Norge skal satsa på.

Openheit og dialog er ikkje det same som at partane som møtest blir einige. Ettersom ei sak blir betre belyst, kan det tvert om skje at meiningsmotstanden aukar og at fleire ubehagelege fakta kjem på bordet. Det er slett ikkje sikkert at hedlingane får gjennomslag for eventuelle ønske og innspel lagt fram i folkemøtet, men dei har i alle fall blitt invitert til bords for å få vita meir om saka og der fått høve til å komma til orde for å seia meininga si til «dei som har noko med det».