Ordførar i Strand kommune, Irene Heng Lauvsnes, ligg ifølge ei meiningsmåling gjort av Norstat for NRK an til stortingsplass til hausten.
Ordførar i Strand kommune, Irene Heng Lauvsnes, ligg ifølge ei meiningsmåling gjort av Norstat for NRK an til stortingsplass til hausten. FOTO: Julie Vold.

Arbeidarpartiet styrkar seg i Rogaland

Men Høgre er framleis klart størst i fylket følge ny meiningsmåling.

Senterpartiet står seg og held på sine to mandat, Arbeidarpartiet går mest fram medan Høgre har over 30 prosent oppslutning og fem mandat inne. Dette går fram i ei ny meiningsmåling gjort av Norstat for NRK sist veke, der 600 rogalendingar er spurt om kva parti dei ville stemt på om det var stortingsval nå.

Raud framgang

Arbeidarpartiet går fram 2,9 prosentpoeng sidan tilsvarande måling i april. Dette er imidlertid ikkje nok til å stela mandat frå andre parti. Både Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti går tilbake 1,2 prosentpoeng sidan april; for sistnemnde fører det til at deira førstekandidat Ingrid Fiskaa ikkje lenger ligg an til å få plass i nasjonalforsamlinga. Og ikkje bare det, der ser ut til at Raudt og Mimir Kristjànsson skal utfordra SV om dette mandatet. Raudt hentar oppslutning særleg i SV sine rekker, går opp 1,5 prosentpoeng og er med det like store som SV i denne målinga.

Irene Heng Lauvsnes inne

I målinga svarar 30,4 prosent av dei spurde at dei ville stemt Høgre. Trass i ein liten tilbakegang på 0,2 prosentpoeng, siglar partiet sin femtekandidat, Strand-ordførar Irene Heng Lauvsnes inn på stortingsplass om valresultatet skulle bli i tråd med juni-målinga.

Ser ein på oppslutninga ved valet i 2017, ligg Senterpartiet an til å bli den store vinnaren, med ei oppslutning i dag 5,6 prosent over valresultatet. Også Raudt, med 3,7 prosent oppslutning i  siste måling, kan gå mot eit godt val.

Framstegspartiet har tapt 5,0 prosent og ligg an til å bli den store taparen. Regjeringspartiet Venstre er framleis langt unnna å kapra noko stortingsmandat frå Rogaland, trass i ein liten framgang i junimålinga.

Meiningsmåling gjennomført av Norstat for NRK i juni 2021

Parti Val 2017 Apr. 2021 Jun. 2021 2017-21 Rep. 2017 Rep. 2021 Endring
Ap 22,4% 19,3% 22,2% -0,2% 4 3 -1
H 28,8% 30,6% 30,4% +1,6% 4 5 +1
Frp 19,7% 15,9% 14,7% -5,0% 3 2 -1
KrF 8,4% 5,7% 6,3% -2,1% 1 1 0
Sp 7,5% 13,6% 13,1% +5,6% 1 2 +1
V 3,5% 1,1% 1,5% -2,0%      
SV 3,9% 4,9% 3,7% -0,2% 1* 0 -1
R 1,2% 2,2% 3,7% +2,5%      
MDG 2,6% 2,9% 2,3% -0,2%      
Andre 2,0% 3,9% 2,1% +0,1%      
               

* Utjamningsmandat

Rogalandsbenken 2021-2025 per juni 2021:

Tina Bru Høgre
Sveinung Stensland Høgre
Margret Hagerup Høgre
Alekander Stokkebø Høgre
Irene Heng Lauvsnes Høgre
Hadia Tajik Arbeidarpartiet
Torstein Tvedt Solberg Arbeidarpartiet
Tove Elise Madland Arbeidarpartiet
Geir Pollestad Senterpartiet
Lisa Marie Ness Klungland Senterpartiet
Roy Steffensen Framstegspartiet
Terje Halleland Framstegspartiet
Olaug V. Bollestad Kristeleg Folkeparti