Blir det fast fisk?

Norge eksporterer sjømat for over 100 milliardar kroner i året, og tala aukar jamt, frå drygt 13 milliardar i år 2000. I 2020 utgjorde eksport av laks åleine ein verdi av 70 milliardar kroner. Sauda verkar nå å komma stadig nærare å bli ein del av det norske lakseeventyret.

Sauda har sjeldan eller aldri opplevd ei slik vårløysing av positive næringsnyheiter som dei siste månadene. Ved påsketider blei det kjent at selskapet Hy2Gen snusar på mulegheitene for å bygga ein stor ammoniakkfabrikk på Birkeland. I april blei det klart at Albatros Technology får løyve til å starta prøveproduksjon av laks i lukka anlegg på Saudafjorden, forutsatt innvilga dispensasjon til slik drift i ein laksefjord, og i går, måndag, kunne altså Årdal Aqua stadfesta at dei har søkt konsesjon for å produsera 15 000 tonn laksesmolt inne på smelteverksområdet.

«Sauda har sjeldan eller aldri opplevd ei slik vårløysing av positive næringsnyheiter»

Sjølv om det så langt ikkje er fatta noko endeleg avgjerd, og styresmaktene ennå skal seia sitt, framstår sannsynlegheita for nyetablering og byggeaktivitet i Sauda i nær framtid i dag som betydeleg større enn for bare eit år sidan.

Bak oppdrettsplanane på Klubben står aktørar med erfaring frå laksenæringa. Eit smoltanlegg tilsvarande det ein ser for seg i Sauda, er alt i produksjon i Tytlandsvik i Hjelmeland kommune, eit anlegg der for øvrig tyngre aktørar som Grieg Seafood og Bremnes Seashore er medinvestorar. Erfaringane frå Tytlandsvik forenklar planlegging og bygging av eit eventuelt anlegg i Sauda. Både smoltanlegget på land og oppdrettslekteren i fjorden er ledd i fornying og vidareutvikling av ein kritisert bransje, mellom anna grunna lokal forureining og rømming frå dei havbaserte anlegga. Ved å halda laksen i lukka anlegg på land til han er nærare kiloen stor, reduserer ein også potensiell eksponering for lakselus og algar.

«Både smoltanlegget på land og oppdrettslekteren i fjorden er ledd i fornying og vidareutvikling av ein kritisert bransje»

Nyheita om Sauda Aqua-planane er ei ny stadfesting av at arbeidet med å legga til rette for ny næringsverksemd på smelteverksområdet har hatt noko for seg. Det er om lag to år sidan eit 17 mål stort område lengst aust på tomta blei lansert som nytt næringsareal. Deretter etablerte Sauda Vekst og fleire av deira eigarar eit forprosjekt der ein såg på kva mulegheiter og kva ressursar ein kunne tilby potensielle etablerarar. Med rikeleg tilgang på vatn, kraft og varme i form av kjølevatn frå smelteverket skulle fiskeoppdrett vera perfekt match. For Sauda blir det å håpa at styresmaktene er av same oppfatning, slik at jakta på nye arbeidsplassar endeleg kan resultera i fast fisk.