Venstre tek vekk snublesteinane i vidaregåande opplæring

Sist veke vedtok Stortinget ei historisk reform som skal gjere det betre og enklare å ta vidaregåande opplæring.

Den vil syte for at fleire elevar i Rogaland kan fullføre, at elevane kan få velje meir på eiga hand, at elevane kan få meir læring i djupna, at vaksne enklare kan ta vidaregåande og at fleire kan ta fagbrev.

Det er brei politisk semje om innhaldet i fullføringsreforma. Stortinget støer hovudgrepa Venstre og regjeringa tek for vidaregåande opplæring. Det er me nøgde med.

De siste åtte åra har Venstre og dei borgarlege regjeringane satsa tungt på skule, utdanning og bygging av kompetanse for lærarane. 47 000 lærarar har fått tilbod om etter- og vidareutdanning desse åra og det er opp imot 5000 fleire lærarar i skulen no enn under den siste raudgrøne regjeringa. Me har fått på plass tidleg innsats for lesing og skriving i grunnskolen, fleire hundre nye helsesjukepleiarar, ein fornying av faga med nye fagplanar, samt ei lærarnorm med tall for kor mange elevar det kan vere for kva lærar. No vil me vidare.

Vidaregåande opplæring må fornyast, slik at den passar betre til utfordringar, moglegheiter og krav om kompetanse i framtida. Elevane skal difor med denne reforma få moglegheita til å gå meir i djupna i faga og samstundes få meir fridom til å gjere eigne fagval. Samstundes skal det klåre målet om allmenndanning framleis ligge i botnen for læringa i vidaregåande.

Det har vore utfordringar i vidaregåande opplæring knyta til at for få kjem gjennom utdanninga, at nokre elevar har mista retten til utdanning, at elevane ikkje er godt nok budde for høgare utdanning og at for få elevar får plass som lærlingar. Med denne regjeringa har det vore ein klår auke i talet på elevar som kjem gjennom og regjeringa har og betra ordningane for verksamheiter som tek imot lærlingar. Det er bra, men me ønskjer å ta norsk skole vidare.

I dag kjem 80,6 prosent av elevane i vidaregåande skule i Rogaland gjennom i løpet av fem-seks år. Målet vårt er at minst 9 av 10 elevar skal fullføre og stå på vidaregåande opplæring innan 2030.

Med reforma vår så får alle rett til å fullføre vidaregåande opplæring. Det er historisk, og er utruleg viktig for kvar enkelt – ungdom og vaksen – som av ulike grunnar ikkje har fullført vidaregåande opplæring.

Me er glade for at Stortinget støtta reforma for fullføring. Den vil bidrege til at fleire elevar kan ta vitnemål eller fagbrev. Med deira utdanning kjem meir fridom og fleire moglegheiter. No ser me fram i ein god prosess saman med alle innan området utdanning, for endringar som kan gje meir fullføring, meir fordjuping og auka valfridom for eleven.