undervisning
FOTO: Elisabeth Tønnesen.

Rogaland best i landet på gjennomføring av vidaregåande opplæring

God tilgang på læreplassar bidrar til høg gjennomføringsprosent.

Over 83 prosent av elevane i vidaregåande opplæring i Rogaland fullfører skulegangen, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå. Ingen andre fylke kan visa til ein så høg grad av gjennomføring.

– Det er gledeleg av stadig fleire elevar og lærlingar lukkast med opplæringsløpet sitt, seier fylkesdirektør for opplæring i Rogaland, Joar Loland, i ei pressemelding.

Loland meiner den gode tilgangen på læreplassar er ein viktig faktor bak dei gode resultata.

– Over 80 prosent av elevane på yrkesfaglege program får læreplass. I tillegg er skulane gode til å halda på elevane, slik at dei ikkje sluttar midt i utdanningsløpet, opplyser han.

Rogaland kan skilta med ei gjennomføring på drygt 75 prosent for yrkesfag, som er best av fylka. Innan studieførebuande program blir Rogaland sine 91 prosent slått av Møre og Romsdal og Akershus med høvesvis 92 og 91,5 prosent.

2014-elevane

Tala frå SSB tar utgangspunkt i elevane som starta på vidaregåande opplæring i 2014. I Rogaland har 83,3 prosent av desse gjennomført og bestått opplæringa innan fem-seks år. Dette er 2,7 prosentpoeng betre enn kullet før.

– Dei gode resultata kjem som følge av langsiktig og god jobbing frå elevar, skulefolk, administrasjon og folkevalde, i tillegg til lærebedrifter og opplæringskontor, seier Joar Loland.