Eit arbeidsliv som tar dei tilsette si helse på alvor.
Eit arbeidsliv som gir tilsette medbestemmelse.
Eit arbeidsliv som tilbyr livslang læring.
Eit arbeidsliv for alle, også dei med ulike utfordringar.
Eit arbeidsliv som gir ein stillingsbrøk og ei lønn å leva av.
For mange i varehandelen er ikkje eit slikt arbeidsliv realiteten i dag. Mange er tilbyde så liten stillingsstørrelse og ei arbeidstid som stadig utfordrar arbeidskvardagen, at det ikkje er mogleg å leva eit normalt familieliv.
Grensa for ubekvem arbeidstid blir av høgreregjeringa stadig utvida, no sist med opningstider frem til klokka 23.00 på laurdagar. Dette er eit steg på vegen for å snik-innføra opne butikkar på søndag, nokon Arbeiderpartiet er heilt imot. Tilsette i varehandelen møter ein stadig meir krevjande arbeidssituasjon. Ei meir ugunstig arbeidstid, fleire arbeidsoppgåver og mindre tilsette på jobb er utfordrande over tid.
Arbeidsmiljølova er dei tilsette sitt mest dyrebare vern. Den skal sikra at folk i jobb har ein arbeidskvardag som har fråvær av skade og sikrar god helse. Høgreregjeringa har diverre dei siste åtte åra vedteke endringar i lova som rammer tilsette og svekker deira rettar.
I åtte år har regjeringa prioritert dei som har aller mest frå før. No trenger både dei tilsette og landet vårt ei ny regjering, ei regjering som sett vanlege folk først. Som anerkjenner det organiserte arbeidslivet, som doblar fagforeiningsfrådraget slik at det lønner seg å vera organisert. Som gjer fagforeiningane sin kollektive søksmålsrett tilbake. Som gjer trepartssamarbeidet til det gode samarbeidet det var meint å vera, nemleg eit samspel mellom tilsette, arbeidsgjevar og tillitsvalde. Eit sterkt trepartssamarbeid sikrar små skilnader i Noreg, det er slik me vil ha det og slik me kjenner landet vårt.
Skilnaden i Noreg har auka dei siste åtte åra under høgreregjeringa. No er deira siste forslag å svekka tilsette sin rett til særaldersgrense for dei med farlege og krevjande jobbar, som brannmenn, helsefagarbeiderar og sjukepleiarar. Kjem me i regjering vil me setja oss ned saman med partane i arbeidslivet for å diskutera slike avgjerder. Som fagorganisert helsefagarbeidar gjennom mange år er eg trygg på at dette er måten å gjere det på.
No er nok – nok!
Vanlege folk treng ny regjering. Det får ein ved å røysta Arbeiderpartiet ved årets val.
Arbeidarpartiet er tydeleg på at no er det arbeidsfolk sin tur!