Håvard Ljung (til venstre), Oscar Coll, Mathias Fløgstad, Elias Fiveland Seim og Andreas Fattnes markerte avslutninga av skuleåret med ein dukkert i ein heller frisk Saudafjord.
Håvard Ljung (til venstre), Oscar Coll, Mathias Fløgstad, Elias Fiveland Seim og Andreas Fattnes markerte avslutninga av skuleåret med ein dukkert i ein heller frisk Saudafjord. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Endeleg sommarferie!!

Og då passar det godt med ein dukkert i fjorden…

I dag, fredag, hadde grunnskulen i Sauda sin siste skuledag, før åtte veker sommarferie står for døra. Utanfor avishuset dukka denne friske guttegjengen opp for å markere avsluttinga av skuleåret med stil. Først var det fram med barbermaskinen for å få på plass den ultimate sommarsveisen, i alle fall for nokre av dei. Deretter var det bare å kasta seg i fjorden og få seg eit forfriskende bad.

– Me gjer det for å feira at me er ferdige med niande klasse, kunne friskingane opplyse.

Badetemperaturen? Ifølge badetassen.no sim målar på Nesøyra, eit par kilometer unna, er det 12 grader…