Kvifor halda tilbake?

Rådmann Rune Kloster Tvedt fekk i kommunestyremøtet onsdag kritikk for ikkje å vera open om problema ved Sauda legesenter.

Ikkje før representant Øyvind Grassdal frå Sosialistisk Venstreparti bad om å få servert den usminka versjonen av situasjonen, vedgjekk rådmannen at situasjonen ved legesenteret er utfordrande.

SV-politikar Grassdal var klar i si tilbakemelding om at han som kommunestyrerepresentant, og med det arbeidsgivar, ville ha realitetar og harde fakta på bordet, ikkje ein versjon som var pynta på for å bli meir spiseleg for kommunestyret. Bakgrunnen var administrasjonen sin rapport for årets fire første månader, som låg til behandling hos dei folkevalde. Ifølge Grassdal stemte ikkje rapporten overeins med informasjonen han hadde fått via andre kanalar. Også representantane Aud Jorunn Nymark (Ap) og Kristian Landro (KrF) uttrykte misnøye med mangelen på relevant informasjon i legesentersaka. Nymark gjorde det klart at ho hadde forventa ei større grad av erkjenning frå rådmannen av at kommunen har eit stort og omfattande problem.

«forståeleg at folkevalde reagerer når rådmannen unngår å involvera dei»

Det er svært forståeleg at folkevalde reagerer når rådmannen unngår å involvera dei i ei sak som omhandlar noko så viktig som tilgangen på legetenester. I staden for å legga korta på bordet og innrømma at samhandling, samarbeid og arbeidsmiljø ikkje fungerer optimalt på legesenteret, blir utfordringane forklart med nasjonal fastlegekrise og belastande legevaktteneste. Samtidig blir det hinta om at ein vurderer å dela legesenteret i Sauda i to. Korleis ei slik deling skal løysa vaktbelastninga og den nasjonale fastlegekrisa er meir uklart.

«Forklaringa har eit preg av bagatellisering»

Både i si innleiande orientering til kommunestyret og på spørsmål til tertialrapporten bruker rådmannen mange ord på å fortella kor godt det blir arbeidd med oppfølging, ansvar, arbeidsmiljø, kompetanse og andre forhold ved legesenteret, og at ein har eit godt og konstruktivt samarbeid, mellom anna med dei tillitsvalde. Bemanningsproblema blir avdramatisert med at det er naturleg at legar spesialiserer seg og søker jobb i nabokommunen, og at ein er sårbar ved sjukdom ved så små legesenter. Forklaringa har eit preg av bagatellisering av situasjonen og ein unngår å nemna elefanten i rommet.

Først etter at dei folkevalde har stilt direkte spørsmål og etterlyst tydelegare informasjon, medgir rådmannen både at ein ikkje får det heilt til på legesenteret og at ein er rådlaus i jakta på gode løysingar. Dette burde sjølvsagt blitt lagt på bordet straks og på eige initiativ frå rådmannen, noko som ville vore ei langt meir tillitvekkande handtering overfor politikarane frå administrasjonen si øvste leiing.