Leah (10) og Eline (11) er blant grunnskuleelevane som har meldt seg på sommarskulen. Denne veka boltra dei seg med ulike matlagingsaktivitetar, arrangert av føretaket Alfred, i ungdomsskulekjøkkenet. – Utan dette hadde me sete heima og spelt på iPaden, fortel dei.
Leah (10) og Eline (11) er blant grunnskuleelevane som har meldt seg på sommarskulen. Denne veka boltra dei seg med ulike matlagingsaktivitetar, arrangert av føretaket Alfred, i ungdomsskulekjøkkenet. – Utan dette hadde me sete heima og spelt på iPaden, fortel dei. FOTO: Ingvl Bakka.

Sommarskulen i Sauda, 2021:

Jo fleire kokkar, jo meir gøy

I år kan saudabarn delta på «sommarskule». Denne veka var det fleire som fekk testa bake- og kokkeferdigheitene sine.

– Eg meldte meg på fordi eg synest det er gøy å laga mat. Og så er det så mykje gøyare dette, enn å vera åleina heima medan mamma og pappa er på jobb, smiler Lykke Oxaal Gauthun (11).

Venninnene Runa Olsen Austarheim, Ella Valskår Grannes, Lone Lønseth Melbø og Andrine Jørgensen nikkar seg heilt einige medan dei planlegger muffinsprosjektet sitt. Planen er muffinsar, med alt muleg søtt snadder inni.

– Me har aldri laga noko slikt før, men nå fekk me prøva. Kjekt, smiler Lone.

Runa Olsen Austarheim, Ella Valskår Grannes, Lone Lønseth Melbø, Andrine Jørgensen og Lykke Oxaal Gauthun var spente på muffinsprosjektet sitt: Fargerike muffinsar, med all slags kakepynt inni. FOTO: Ingvil Bakka.

Fekk over 500 000 kroner

Sauda kommune søkte i vår utdanningsdirektoratet om midlar til såkalla «sommarskuletilbod». Sjokket var stort då det blei innvilga heile 529 400 kroner til prosjektet.

– Me venta å få nokre tusenlappar og tenkte at me ikkje ville klara å laga noko voldsomt. Men så fekk me over ein halv million. Nå har me gode tilbod – og pengar til overs, seier kommunalsjef oppvekst og kultur, Jakob Svandal.

Målfrid Selvik Årthun, pedagogisk rettleiar for barnehage og grunnskule, fortel at kommunen valde å setta ut sjølve organiseringa av sommarskuletilboda, der barna skal få delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar.

– Me sendte tilbodet til idrettslag og aktuelle lokale bedrifter, pluss Forskarfabrikken. Kravet var at dette skulle vera nye tilbod. Pengane skulle ikkje gå til å betala for tilbod me alt har i drift i Sauda, fortel ho.

Alle aktivitetane er gratis for deltakarane.

Sauda kommune fekk inn tre tilbod: Energifabrikken, Vardesyk – og einmannsføretaket Alfred, med Kerstin Geelmuyden Rød i spissen.

Varmmat og kaker

Det er onsdag, klokka nærmar seg 12.30, og det er stor aktivitet i kjøkkenet ved Sauda ungdomsskule. Alfreds Kerstin Geelmuyden Rød har denne dagen hatt kjøkkenaktivitetar med elleve ni-, ti- og elleveåringar sidan klokka ni på morgonen.

– Eg har handla inn masse matvarer, og så får ungane komma med innspel til kva dei har lyst til å laga. I dag har me laga tacobowl, der dei har laga sine eigne tortillas, og dei har laga slush og smoothie og nå går det i kaker, smiler ho.

Arian Hardeland Thomassen (11) har bestemt seg for å laga «pikekyss».

– Kvifor? Fordi eg synest det er godt.

– Kvifor har du meldt deg på sommarskule?

– Eg synest det er kjekt med matlaging. Og fordi mamma sa at dette var ein fin måte å bli kjent med og få fleire venner.

Arian har også meldt seg på «forskarfabrikken», og på èin av Vardesyk sine fjellturar i sommar.

Arian Hardeland Thomassen brukte sukker og eggekvite for å laga pikekyss. Dei skal stå ein time i omnen. FOTO: Ingvil Bakka.

Jentegjengen med muffinsprosjekt er strålande fornøgd med sommarskuletilbodet.

– Viss me ikkje hadde vore her i dag, hadde me sikkert vore på byn, eller noe sånt. Det er kjekt å vera her. Me har jo to månader sommarferie. Bada har me tid til å gjera resten av sommaren, fortel dei.

Vil bli kokkar

På ei anna kjøkken-øy står Eirik Langholm (10) og Vilmer Teig (9) og hakkar sjokoladebitar som dei skal toppa sine muffinsar med.

Både Eirik Langholm og Vilmer Teig har planar om å bli kokk. På sommarskulen får dei prøva seg på å laga både varmmat og kaker.  FOTO: Ingvil Bakka.

– Eg er her fordi eg skal bli kokk når eg blir stor, seier Vilmer.

– Kokk? Skal ikkje du bli pianist? (Vilmer er kjent for sitt store musikktalent, red.merkn.)

– Joda, det også, smiler han.

Også Eirik drøymer om å bli kokk.

– Nokre gonger lagar eg middag, eller noko anna mat til meg sjølv. Men viss eg skal baka får eg hjelp av mamma, forklarer han.

Alfreds Kerstin Geelmuyden Rød gir Vilmer og Eirik ei hjelpande hand når smelta sjokolade skal tømmast inn i muffinsdeigen. FOTO: Ingvil Bakka.

Baking og forsking

Leah Gausland (10) og Eline Gundersen Djuvik (11) lagar tre lags-sjokoladekake.

– Noko i mellom etasjane då, eller…?

– Neida, bare masse etasjar med sjokolade. Vil du smaka på kremen? Den er kjempegod! seier Leah.

Begge jentene, som til vanleg går saman på speidaren, har også meldt seg på forskarfabrikken.

– Eg liker å baka og eg liker forsking, fortel Eline enkelt.

– Eg synest det er veldig gøy å baka. Forsking høyres veldig gøy ut. Eg er jo ganske nysgjerrig og det kan vera skikkeleg gøy å forska på ting, seier Leah.

– Kva hadde de gjort i dag viss de ikkje var på sommarskulen?

– Eg hadde sete heima og spelt på iPaden. Dette er mykje kjekkare, seier Leah.

Populært i alle trinn

Kerstin Geelmuyden Rød har hatt tilbod til 3.-4.klassingar måndag og tysdag denne veka, og for 5.-7.klassingar onsdag, torsdag og fredag. Neste veke er det omvendt. Den tredje veka med kjøkkenaktivitetar er lagt til august. Då skal ungdomskuleelevar innta kjøkkenet.

– Påmeldingslista var full etter fire minutt, fortel Rød.

Barna som deltar på kjøkkenaktivitetane treng ikkje ha med seg mat, og det er lagt opp til pausar og mulegheit for litt fysisk aktivitet innimellom. Kerstin Geelmuyden Rød kosar seg med matlaginga saman med ungane

– Tidlegare har eg vore med under Barn er Bra-festivalen, så eg visste kva eg gjekk til. Eg trur ungane kosar seg også. Det er ikkje noko stramt opplegg, ungane får vera med på å velga kva dei vil laga og me har god tid, ikkje noko tidspress, seier ho.

Pengane som er igjen etter sommarskulen, skal gå til Fritid for ungdom.

Alle elsker taco, også ungane på sommarskule. Dei laga også eigne tortillas. FOTO: Ingvil Bakka.

Sommarskulen i Sauda 2021:

* Utdanningsdirektoratet si tilskotsordning er oppretta i samband med koronapandemien, slik at kommunar kan tilrettelegga tilbod for elevar i grunnskulealder i sommarferien.

* Sauda kommune har fått 529 400 kroner til Sommarskule-prosjektet i 2021.

* Sauda kommune valde å lysa ut tilbod om å organisera ulike sommarskule-tilbod.

* Vardesyk, Alfred og Energifabrikken var dei einaste som leverte tilbod – og fekk oppdraga.

* Vardesyk tar elevar med på 13 ulike turar og friluftsliv-aktivitetar i juni og juli, Alfred byr på kjøkkenaktivitetar i ungdomskule-kjøkkenet i veke 25, 26 og 31, medan Energifabrikken arrangerer «Forskarfabrikk» på Fløgstad skule i veke 25 og 31.