Ros til Ivar & co

Nomineringa av Coop Extra Sauda til Kunnskapsdepartementet sin mangfaldspris er ei fortent anerkjenning av verdiane butikksjef Ivar Bakka og hans folk legg til grunn i sitt rekrutteringsarbeid. Hadde det eksistert noko slikt som ein lokal inkluderingspris, ville Extra også der stått langt framme i køen av gode kandidatar.

«ei fortent anerkjenning av verdiane butikksjef Ivar Bakka og hans folk legg til grunn»

Ved årtusenskiftet budde det 94 innvandrarar i Sauda. Det tilsvarer under to prosent av den totale befolkninga. I 2021 er nesten kvar tiande saudabu innvandrar eller norskfødde barn av innvandrarar, eit tal som for øvrig har gått litt ned dei siste tre-fire åra. Den tydelege auken i talet på innvandrarar heng mellom anna saman med Sauda si aktive busetting av flyktningar på 2000-talet.

«arbeid er eitt av dei viktigaste suksesskriteria for å lukkast i arbeidet med å integrera»

Å få seg ein jobb og med det kunna sørga for seg sjølv og familien sin, står svært høgt på ønskelista til mange av dei som kjem som flyktningar. Lønna arbeid gir status og anerkjenning, ein blir ein del av samfunnet på ein heilt annan måte enn om ein står utanfor og ein er med på laget som finansierer det gode, norske velferdssamfunnet. Ein arbeidsplass er dessutan ein viktig sosial arena. Det er ikkje noko overdriving å hevda at arbeid er eitt av dei viktigaste suksesskriteria for å lukkast i arbeidet med å integrera nye landsmenn- og kvinner i samfunnet i det nye heimlandet sitt.

Det å finna relevant arbeid er ofte ikkje enkelt, spesielt for dei som kjem utanfrå. Tradisjonelt kjem mange flyktningar frå land utan godt utbygde utdanningssystem. Norge er eitt av landa i OECD med den lågaste andelen sysselsette i yrke med låge krav til formell kompetanse. Det finst med andre ord relativt få jobbar på den norske arbeidsmarknaden for dei som kjem utan et fagbrev eller eit vitnemål i ryggsekken. Med språklege og gjerne kulturelle barrierar i tillegg, seier det seg sjølv at jobbjakta kan bli utfordrande.

Ivar Bakka og Coop Extra har i fleire år valt å gi tilflyttarar frå fjernare himmelstrøk ein sjanse til å bli ein del av fellesskapen i Sauda ved å tilby dei arbeid. I dag har om lag ein tredel av medarbeidarane i butikken innvandrarbakgrunn. I tillegg har fleire gått vidare på arbeidsmarknaden etter først å ha vore innom Extra. Har ein først fått ein fot innanfor arbeidslivet, opnar det seg fort nye dører.

Om det er Extra i Sauda som står som vinnar eller ikkje når mangfaldsprisen blir delt ut, skal butikken uansett ha ros for sitt bidrag til å inkludera nye saudabuar i lokalsamfunnet.