Bøker opp og i mente

Bruktbua vart ei velsigning for Sauda, og har gjennom åra tatt imot det meste av det me ikkje fann plass til etter rydding og tøming av hus. Etter krisa med korona og stengde dører, er det sagt at dungar av bøker og anna er hamna på båstippen.

Me må alle rydda og kvitta oss med ting iblant, men bøker! Eg tenker på bokhyllene hjå dei mange eldre, og deira lagnad når husa blir tømde. Der står åndsføde og livshistoriar som er nedteikna av av våre største forfattarar i metervis.

Desse skildrar våre nære fortid og tidlegare kultur. Kan denne bergast, eller må den gå tapt?

Om nokre kulturinteresserte personar samlar ein del av desse bøkene, og arrangerer bokkveldar to-tre gonger om året, kan det skapa stor interesse hjå mange og nokre kan finna «svisker» til ein rimeleg pris. Som dei har tenkt på lenge.

Arrangementet kunne for eksempel føregå på bedehuset Saron som ligg lageleg til i terrenget og synest å vera godt eigna.

Ein kunne kombinera samkoma med kåseri, lesing frå ein serie eller liknande, salmar, songar, stev og eventuelt musikk. Fine tonar frå ei flatfele kunne òg passa inn i høve til tida ein skildrar i ei eventuell opplesing.

Bokkveldar kunne bli til noko å gleda seg til og som samla mange. Kaffi og noko attåt må til, og bør dekkast med inngangspengar.

Tipset er gitt, og eg håpar at nokon «tar fatt».