Vårsesongen blei avslutta med solid KM-innsats og personlege mellomdistanserekordar for frå venstre Olav Dybing Bakka, Torben Djuv Søfting, Iver Bastlien og Elias Dybing frå Sauda Idrettslag.
Vårsesongen blei avslutta med solid KM-innsats og personlege mellomdistanserekordar for frå venstre Olav Dybing Bakka, Torben Djuv Søfting, Iver Bastlien og Elias Dybing frå Sauda Idrettslag. FOTO: SIL Friidrett.

Friidrett:

God medaljefangst i KM

Personlege rekordar på alle saudaløparane som deltok.

Gode tider, fire personlege rekordar og tre medaljar var fasiten for dei fire saudagutane som sist søndag stilte til start i kretsmeisterskapen i friidrett for 13-19-åringar på Frakkagjerd.

Olav Dybing Bakka måtte sjå seg slått med 13 bittesmå hundredelar på sin 800 meter, der han sprang inn til tida 2:14.03. Tida er landets åttande beste på distansen så langt i år.

I G13-klassa mønstra Sauda IL tre løparar på 600-meteren, og ikkje uventa enda dette med suverent KM-gull til Elias Dybing med den sterke tida 1:34.61. Klubbkameratane Torben Djuv Søfting og Iver Bastlien følgte opp med gode løp som heldt til andre- og fjerdeplass.

Dybing si tid er så langt i år den neste beste i landet i 13-årsklassen, og det kan for kuriositetens skuld nemnast at ein ikkje heilt ukjend sandnesløpar ved namn Jakob Ingebrigtsen i 2013 blei klokka inn på 1:30,04 som si bestetid…

Resultat KM friidrett 13-19 år, Frakkagjerd, 20. juni:

600 meter, G13 (6):

1          Elias Dybing, Sauda IL                       1:34,61

2          Torben Djuv Søfting, Sauda IL           1:42,36

4          Iver Bastlien, Sauda IL                       1:48,32

800 meter, G14 (3):

1          Victor Hoff Hansen, IL Skjalg             2:13,90

2          Olav Dybing Bakka, Sauda IL           2:14,03