Flott tilbod for dei unge

Å gå på skule i sommarferien høyrest kanskje ikkje spesielt forlokkande ut for barn og unge som har sett fram til ferietida. Sommarskulen, som blir arrangert for første gong i Sauda dette året, ser likevel ut å vera eit populært tilbod.

Sommarskulen skal ifølge utdanningsdirektoratet bidra til meistring og spennande opplevingar gjennom ulike tema, praktisk- og fysisk aktivitet og kulturopplevingar. Tilbodet skal òg motivera elevane, særleg i overgangen mellom barne- og ungdomsskule og frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Målet er å gi fleire unge ein arena der dei kan delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i skulen sin sommarferie.

«Sommarferien er ikkje einstydande med ferieturar og opplevingar på rad og rekke»

Sommarferien er ikkje einstydande med ferieturar og opplevingar på rad og rekke for alle. Bare eit fåtal foreldre har like mykje fri frå jobb som elevane sine åtte veker. Det kan fort bli lange dagar for mange av ungane. Då kan sommarskulen, som i Sauda i år tilbyr forskarfabrikk, matlaging og ei rekke friluftsbaserte aktivitetar, vera eit godt alternativ. Tilboda gir grunnlag både for mange kjekke fellesopplevingar og for mykje god læring. Og kanskje best av alt: Alle aktivitetane er gratis for deltakarane. Dermed har alle same mulegheit til å delta, uavhengig av lommeboka.

«Paradoksalt nok måtte det ein pandemi til for å få eit sommarskuletilbod»

Paradoksalt nok måtte det ein pandemi til for å få eit sommarskuletilbod opp og gå igjen i Sauda. Fordi mange elevar har mista mykje tid på skulen det siste skuleåret, løyvde regjeringa i vår 500 millionar kroner til ulike sommartilbod til elevane. 228 kommunar, blant dei Sauda, har henta midlar frå denne potten. Kommunen har, fornuftig nok, valt å setta sommarskuledrifta ut på anbod. Dette året står dermed tre ulike, private aktørar som arrangørar. Det er sjølvsagt ingenting i vegen for at ein ved neste krossveg har fleire aktørar og eit endå breiare tilbod.

Det er sjølvsagt for tidleg å konkludera ennå, bare ei dryg veke inn i sommarferien. Men viss sommarskulen viser seg å vera så populær som ein har fått inntrykk av så langt, er dette eit tilbod Sauda bør setta seg mål om å få til også i fortsettinga.