Merkinga til Hustveitsåta

Måndag 28/6 var eg på tur til Hustveitsåta for sjekk av stien og merkinga. Noen 100-meterar frå toppen «mista eg merkinga». Den var ikkje der. Eg undersøkte på begge sider av stien, og fant til slutt ti raudmerka steinar. Desse var, utan tvil, fjerna med vilje! Dette var over et strekk på cirka 100 meter. Steinane blei lagd på plass igjen! Eg blei både skremt og lei meg. Denne stien er spesielt merka ganske tett på grunn av tåke, som ofte kan komme fort. Det gjorde den også på min tur, men eg føler meg alltid trygg da det er tett med merking.

På vei ned igjen, finn eg tre raudmerka steinar, hivd ned på ei snøfonn. Eg henta dei og la de på stien.

Eg har hatt merkinga av denne stien i 13 år for Friluftsrådet Vest, og aldri opplevd liknande noen gang. Så denne «sporten» håper eg aldri å sjå igjen! Ein kan jo sjølv tenke folk på tur som kjem ut for tåke og «mister» stien, noko som i verste fall kan ende med leiteaksjon.

Skiltet «Hustveitsåta» som står oppi Djuvsbotn, var løsna frå festet. Det stod skikkelig for to veker sidan. Uff.