Prognosar for tildeling av vaksinar tilseier nå at så godt som alle saudabuar over 18 år kan ha fått tilbod om vaksine innan utgangen av august. Dette vil i tilfelle vera eit langt og viktig steg i kampen mot koronaviruset.
«Trass i at immuniteten i befolkninga veks, skjer det framleis smitteutbrot»
Enn så lenge lever me framleis i ein pandemi. Trass i at immuniteten i befolkninga veks, skjer det framleis smitteutbrot i lokalsamfunn og regionar. Slik som i Suldal. Dei siste vekene har nabokommunen meldt om til saman 18 personar som har testa positivt.
Dei første tilfella i det siste utbrotet i Suldal dreidde seg ifølge kommuneoverlegen der seg om den britiske varianten av viruset, seinare kalla alfaviruset. Dette har i vår vore den dominerande virusutgåva i Norge.
Seinare har det oppstått nye variantar i Sør-Afrika («Beta»), Brasil («Gamma») og India («Delta»). Folkehelseinstituttet vurderer det å vera middels til høg risiko for spreiing av deltaviruset i Norge, og det er venta å bli den dominerande virusvarianten her til lands framover. Oppløftande prognosar om gjenopning av samfunnet har grunna usikkerheita kring deltaviruset i det siste blitt hakket mindre optimistiske.
Det stoppar for øvrig ikkje der. Nye virusutgåver dukkar framleis opp, og Verdas Helseorganisasjon følger med på variantar langt uti det greske alfabetet. Det framstår ennå uklart kor god effekt dagens vaksinar har og vil ha overfor nye mutasjonar av viruset.
Til immunitet-reknestykket høyrer også det at ikkje alle vil la seg vaksinera og med det både er mottakeleg for smitte og kan bidra til å vidareformidla virus.
Sommartid er ferietid, folk reiser meir og er meir sosiale. På ei anna side har sommarvarmen tradisjonelt hatt ein positiv effekt i høve til virusspreiing.
«ei rekke usikre faktorar rundt faren og sjansane for spreiing av smitte – ennå»
Totalbildet inneheld med andre ord ei rekke usikre faktorar rundt faren og sjansane for spreiing av smitte – ennå. Samfunnet synest å vera på oppløpssida i jobben med å bygga immunitet, men målstreken er ennå eit stykke fram.
For ei dryg veke sidan rådde kommuneoverlege Knut A. Omdal saudabuen til framleis å vera forsiktige og vaska hender og halda meteren ei stund til. Den oppmodinga sluttar me oss til.