Eit verdifullt bidrag

Opprustinga av Tinghaug-området er eit flott eksempel på kva frivillige krefter kan få til. Eit hus med stort behov for stell og vedlikehald på ei stor, attgrodd tomt, er i løpet av eit drygt tiår blitt forvandla til ein velstelt, tiltalande eigedom.

Då kunstnaren Eigil Tveit gjekk bort i 2006, testamenterte han alt han eigde til Sauda kommune. Arva inneheldt mellom anna Tinghaug, huset ved Rødstjødnå, dit han som fireåring i 1929 flytta inn saman med mor Anna og far Samuel, den mest kjende kunstmålaren Sauda har fostra. Til huset høyrde også ei dryg fem mål stor tomt.

Nokre år før Eigil gjekk ut av tida, blei Interessegruppa Samuel Tveit etablert. Denne gruppa melde seg også interessert i å ta over og ta vare på eigedomen. I 2012 fekk gruppa kjøpa Tinghaug av Sauda kommune for éi krone.

«Tinghaug-området er i dag ei lita perle»

Sidan den gongen har eigedomen sakte, men sikkert blitt sett i stand. Huset blir tatt vare på og uteområdet er oppgradert og blir stelt. Tinghaug-området er i dag ei lita perle der det ligg. Endå viktigare er det imidlertid at huset og eigedomen blir brukt. Her har det vore dåp, konfirmasjon og lystige lag, hit har dugnadsdrivne Annas Kafé lokka både turgåarar og kjørande, og her kjem barnehageungar og andre grupper oppom på besøk.

Saman med golfbanen og badeplassen og turområdet ved Rødstjødnå bidrar Tinghaug til at det ofte er eit yrande liv  i dette området.

Kva som hadde skjedd med Tinghaug om ikkje Interessegruppa Samuel Tveit/Tinghaugs venner hadde kome på banen, er usikkert. Sjansane er store for at den gamle kunstnarbustaden ikkje lenger hadde eksistert. Ved å ta over og halda liv i eigedomen slik dei har gjort, bidrar interessegruppa til å halda liv i ein ikkje uvesentleg del av Sauda si kulturhistorie, og til å gjera kunstmålaren Samuel Tveit kjent blant nye generasjonar. Dette kunne knapt vore gjort betre enn den vesle gruppa med Tveit-entusiastar nå gjer.

«Det frivillige arbeidet som blir lagt ned her er eit verdifullt bidrag for å skapa trivsel»

I Ryfylke på fredag kunne ein lesa at arbeidet med å halda Tinghaug i stand krev sitt, og at veteranane i dugnadsgjengen godt kunne tenka seg fleire med på laget. Vonleg ordnar det seg etter kvart med styrking av mannskapet. Det frivillige arbeidet som blir lagt ned her er eit verdifullt bidrag for å skapa trivsel for mange, både saudabuar og tilreisande, og for å heidra minnet om Samuel Tveit og familien hans.