Etter veke 30 kan saudabuar som ikke har fått vaksineinnkalling får dose 1 på Karmøy.
Etter veke 30 kan saudabuar som ikke har fått vaksineinnkalling får dose 1 på Karmøy. FOTO: Arkiv.

Saudabuar kan bli vaksinert på Karmøy

Inviterer innbyggarar i omkringliggande kommunar til å få første vaksinedose hos dei.

Har du ikkje fått innkalling til første vaksinedose i Sauda, kan du nå få sjansen til å «snika» i vaksinekøen. Nyleg gjekk Karmøy kommune ut med ein invitasjon til innbyggarar i andre kommunar til å bestilla vaksinetime hos dei. Ordninga blir innført for å hindra at vaksinedosar skal gå til spille.

Ifølge nettsidene til Karmøy kommune har nå alle innbyggarane der som har registrert seg for vaksine fått invitasjon til vaksinering. Det er ennå mange ledige dosar tilgjengeleg, men dei som ennå ikkje har meldt frå om at dei ønsker vaksine, må vera raske med å bestilla time, opplyser kommunen.

Sauda kommune ber saudabuar som får første dose i Karmøy om å melda frå til kundetorget for å unngå å bli kalla inn to gonger til første vaksine, og til Sauda legesenter om at dei ønsker dose 2 i Sauda.

Registrering til vaksine i Karmøy skjer via Karmøy kommune sine nettsider. Det ligg lenke til registreringa også på sidene til Sauda kommune.