I over 150 år har saudabuen diskutert vegutløysing nord- og austover. Dei siste 30 åra har lokale styresmakter halde fast på tunnel mot E-134 i Etne som det beste alternativet. Sist veke kom endeleg tala som viser at eit slikt vegprosjekt vil bidra med ein solid pluss i samfunnsrekneskapen.