Kost/nytteutrekningane i rapporten, som er utarbeidd av rådgivingsfirmaet Asplan Viak, er gjort i tråd med vegstyresmaktene sine instruksar. Dermed er utrekningane for Saudatunnelen godt samanliknbare med berekninga av samfunnsnytte for andre vegprosjekt. Med eit reknestykke som viser 590 millionar på plussida, talar matematikken for ei realisering av vegen. Talmaterialet tar det meste av brodden av argumenta om at prosjektet blir for dyrt. Rapporten tar rett nok utgangspunkt i at fleire vegsamband og vegtiltak som ikkje finst i dag, kjem på plass, men desse er i hovudsak alt vedtatt og anten byrja på eller i planfasen. Føresetnadene bak reknestykket er med andre ord både realistiske og rimelege.
«Med eit reknestykke som viser 590 millionar på plussida, talar matematikken for ei realisering av vegen»
Dei positive resultata frå Asplan Viak sine utrekningar betyr imidlertid ikkje det same som at Saudatunnelen blir bygt. Det er tvert imot nå den viktigaste jobben startar. Den som handlar om å spela det politiske spelet rett, for å overtyda fylke og stat om viktigheita av dette vegprosjektet. Den jobben går mellom anna ut på å få kommunane i grannelaget og i regionen elles med på laget. Der er representantar frå Senterpartiet, Høgre og Arbeidarpartiet samstemte i sine uttalar til avisa i dag.
«Det er nå den viktigaste jobben startar. Den som handlar om å spela det politiske spelet rett.»
Samtidig er det viktigare enn nokon gong at saudasamfunnet held fram arbeidet for å selja inn tunnellen overfor omverda. Det må dei politiske lokalpartia halda fram med. Det må næringslivet halda fram med. Og det må den jamne saudabu vera med på. Jo meir innbyggarane på begge sider av tunnelen klarer å sameinast om viktigheita av vegutløysinga, jo lettare blir det å overtyda fylke og stat, som må vera med og finansiera gildet, om at dette er eit vegprosjekt regionen treng.
Rapporten som talfestar samfunnsnytta til Saudatunnelen utgjer ein milepåle i saudasamfunnet sin lange kamp for betre vegsamband mot omverda. Ein milepåle som gir berettiga von om at siste delprosjekt i «Ryfylkepakken», vedtatt av Stortinget for snart 20 år sidan endeleg kan bli realisert.