Aldri meir!

Torsdag 22 juli er det ti år siden Noreg vart råka av terror. 77 uskuldige born og vaksne vart drepne på Utøya og i Oslo.

Eit tilfeldig åtak var det ikkje, det heile var ein vel planlagt terroraksjon retta mot AUF, Arbeiderpartiet og arbeiderbevegelsen.  Eit åtak retta mot demokratiet vårt eit forsøk på å tvinge oss til taushet. Eit åtak ein aldri skal lukkast med, vårt demokrati, vår ytringsfridom skal aldri tvingast til taushet.

Dei overlevande frå Utøya og Oslo, er vår tids viktigaste tidsvitner. Det dei gjekk gjennom når dei kjempa for livet må aldri gløymast. Dei skal aldri måtte unnskylde seg når dei står frem – dei skal aldri skuldast for å «dra noko kort» Det var deira kamp for livet, den 22 juli me skuldar dei å aldri legge lokk på dette.

Som samfunn, som medmenneske er det vår plikt og lytta til dei, løfta opp og frem det som skjedde denne grufulle dagen for ti år sidan. Me gav kvarandre eit løfte – aldri meir!

Difor skal du og eg kvar dag stå opp for likeverd og toleranse. Du og eg skal kvar dag sloss for eit betre samfunn. Eit samfunn med plass til alle, uansett legning, tru eller politisk syn. Meir demokrati og meir åpenhet. Me skal aldri tåla så vel den urett som ikkje rammer ein sjølv.

Aldri meir! Aldri tie – aldri gløyme!