Fordelen med den nåverande organiseringa er i første rekke at Sauda Vekst har ansvar for og oversikt over heile spekteret av næringsliv og -utvikling i kommunen. Ulempa med ei slik breidde i oppgåveporteføljen er risikoen for at ressursane blir spreidd over eit for stort felt slik at det monar for lite, eller at ein må prioritera hardt og forsømma enkelte ansvarsfelt. Frå kommunen si side har Sauda Vekst i for mange år fungert som alibi for kommunalt arbeid med næringsutvikling, eller ei sovepute, om du vil. Ei endring som inneber færre oppgåver på blokka for dagleg leiar i Sauda Vekst, samtidig som kommunen kjem meir på banen i arbeidet med å legga til rette for ny næring, er eit vinn-vinn-grep.
«i for mange år fungert som alibi for kommunalt arbeid med næringsutvikling, eller ei sovepute, om du vil»
Store delar av det lokale næringslivet består av små og mellomstore bedrifter. For mange av desse avgrensar det seg kor mykje tid og krefter ein kan setta av til å halda seg orientert med alle lokale, regionale og nasjonale støtteordningar som finst i deira bransje. Anten det gjeld problemløysing, rådgiving, finansiering eller nyskapingsarbeid vil ein paraplyorganisasjon som Sauda Vekst kunna spela ei viktig rolle, både til å orientera seg i verkemiddelapparatet og gjennom sitt nettverk formidla kontakt med potensielle samarbeidspartnarar.
At For Sauda KF får ansvar for å administrera Sauda Bedriftskapital, kommunen sitt eige næringsfond, vil bidra til å skapa ein litt større avstand mellom søkarar og tildelande organ; dette verkar ryddig og fornuftig. Det same gjeld at det nå i større grad vil bli kommunen som skal selja inn Sauda overfor potensielle nye næringsdrivande.
«timinga synest ideell, i samband med eit leiarskifte»
Dei siste åra har Sauda kommune auka løyvingane til arbeid med næringsutvikling, samtidig som både strategisk næringsplan og kommuneplanen seier at kommunen skal ha ei meir aktiv rolle på dette feltet enn tidlegare. Dei planlagde endringane i oppgåvefordelinga mellom For Sauda KF og Sauda Vekst kjem som ein naturleg konsekvens av kommunen sine planvedtak. Og timinga synest ideell, i samband med eit leiarskifte i Sauda Vekst. Føresetnadene tilseier at dette blir ei lukkeleg skilsmisse.