To saudabuar fekk søndag kveld påvist koronasmitte, melder kommunen måndag ettermiddag på sine nettsider. Dei skildrar det som sannsynleg at det er snakk om delta-varianten av viruset.
Kommunen opplyser vidare at nærkontakter av dei to smitta er sett i karantene, og at situasjonen ser ut til å vere under kontroll. Svar på testar av nærkontaktar er venta å kome tysdag føremiddag.