Per Olaf Lundteigen (frå venstre) saman med Kjell Arnold Pettersen frå fabrikkarbeiderforeininga, Steffe Høiland frå Fellesforbundet og LO i Nord-Rogaland og ordførar i Sauda, Asbjørn Birkeland.
Per Olaf Lundteigen (frå venstre) saman med Kjell Arnold Pettersen frå fabrikkarbeiderforeininga, Steffe Høiland frå Fellesforbundet og LO i Nord-Rogaland og ordførar i Sauda, Asbjørn Birkeland. FOTO: Privat.

Lundteigen på Sauda-besøk

Per Olaf Lundteigen vitja Sauda sist måndag. Han sit i Arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget og ville treffa representantar frå fagforeiningane lokalt.

Besøket vart lagt til Eramet der Kjell Arnold Pettersen ved Sauda Fabrikkarbeiderforening og Steffen Høiland frå Fellesforbundet og LO i Nord-Rogaland møtte Lundteigen for ein prat i lag med leiinga til Eramet lokalt. Viktige saker om innleige, grunnbemmanning og lærlingar blei diskutert. Og Lundteigen fekk ei brei orientering om drifta ved smelteverket i Sauda og ei omvising i omnshuset og prat med prosessoperatørane på jobb.

Etter besøket hos Eramet fekk Lundteigen ei god oppdatering på Saudatunnelen av Sauda Vekst, og lokallaget til Senterpartiet fekk skrøyta av alt det spennande som skjer i Sauda. Med seg frå Sauda fekk Lundteigen gode inntrykk av alt som skjer i Sauda og den store verdiskapinga som skjer i kommunen.

Me håpar og at forventningane om kva me treng drahjelp til om Senterpartiet kjem i regjering etter valget vart godt formidla. Smelteverket treng eit berekraftig samfunn rundt seg for fortsatt vera verdsleiiande innan sitt felt. Då er Industri- og distriktspolitikk viktig.

I tillegg er det sentrale avklaringar og vedtak som er avgjerande for å få etablert ny næring i Sauda.