Godt for både hyttefolk og fastbuande

Opphopinga av avfall ved dei kommunale buene for hytterenovasjon er ingen god reklame for ein kommune som ønsker å trekka til seg fleire deltidsinnbyggarar.

At det kommunale avfallssorteringsanlegget bare har vore ope på vekedagane, har medverka til at frustrasjonen hos hyttefolk med bustadadresse utanbys har vakse i takt med søppelhaugane.

«Laurdagsope sorteringsanlegg er eit godt døme på omstilling»

Sidan årtusenskiftet har talet på fritidsbustader i Sauda auka med meir enn 50 prosent. Generelt har dagens generasjon av fritidsbustader høgare standard enn tidlegare. Betre komfort gjer at folk bruker hytta si meir.

Den solide hytteveksten representerer store verdiar for det lokale næringslivet. Utbyggingane har gitt gode inntekter både for grunneigarar og aktørar i bygg- og anleggsbransjen, og seinare òg for handels- og servicenæringa. Sjølv om saudabuen naturleg nok står bak den største delen av omsetninga i kommunen, kjem ein stadig større del av inntektene frå deltidsinnbyggarane – hyttefolket. Saman med eigedomsskatten frå fritidsbustadene blir dette til eit godt bidrag i kommunekassa.

Stadig fleire deltidsinnbyggarar gir både mulegheiter og utfordringar for offentlege og private tenesteytarar. Mulegheiter fordi hyttefolket i stor grad ønsker å nytta lokale tilbod og bruka pengar her. Utfordringar fordi dei gjerne har ønske og forventningar som går utanpå tilbodet som alt eksisterer.

«Dette svarar både på hyttefolk og lokalbefolkninga sitt behov for å kunna kvitta seg med søppel også i helga»

Sauda kommune si avgjerd om å halda avfallssorteringsanlegget på Birkeland ope også om laurdagen er eit godt tiltak. Dette svarar både på hyttefolk og lokalbefolkninga sitt behov for å kunna kvitta seg med søppel også i helga, slik fleire har etterlyst. Blir tilbodet halde ved lag over tid og samtidig gjort kjent både hos hyttefolk og fastbuande, bør alt ligga til rette for at ein større del av avfallet i kommunen finn vegen til Birkeland

Satsinga på hyttevekst og turisme som næring forpliktar både kommune og næringsliv. Laurdagsope sorteringsanlegg er eit godt døme på omstilling i tråd med ei slik satsing. Skal Sauda ta steget opp ein divisjon som turistdestinasjon må heile lokalsamfunnet i endå større grad enn i dag fokusera på tilgjengelegheit, service og samhandling.