– Ein kul happening for alle jenter i området som ønsker å delta på ein dag fylt med action og idrettsglede, oppsummerer Michelle Hasle i Norges Skiforbund jentecampen som går av stabelen i Saudahallen laurdag i neste veke.
Samlinga er èi av i alt åtte som blir arrangert denne dagen i samarbeid mellom skiforbundet, lokale klubbar og lokale trenarkrefter.
– Leik og gøy
NOR Freeski Jentecamp er ein dagscamp for alle jenter i alderen 8 til 15 år, anten du driv med freeski eller du har lyst til å prøva ut og læra meir om ein ny idrett, opplyser arrangementsansvarleg Marthe Gleditsch.
Ho fortel vidare at det ikkje er krav til forkunnskapar eller klubbmedlemskap for å delta, og at fokuset er på leik og å ha det gøy saman.
– Jentecampen me arrangerte i Saudahallen i fjor blei ein stor suksess med mange ivrige jenter. Me ønsker å gjenta suksessen i år og håpar at endå fleire jenter blir med oss på camp, seier Gleditsch.
Linnea Åsheim (12 år) deltok på jentecampen i Sauda i fjor, og er også påmeldt til årets camp. Ho fortel at trampoline, airtrack og klatring var kjekkast i fjor. I år gler ho seg mest til den store trampolinen – og til å vera med venner.
Påmeldingsfristen til jentecampen var i utgangspunktet sett til 15. august. Ifølge Michelle Hasle var 15 jenter påmeldt då fristen gjekk ut.
– Me held påmeldinga open ut dagen i dag, og om nokon ønsker å melda seg på seinare, kan dei kontakta oss, seier Hasle.