Syretest på samarbeidsevne og -vilje

Når Sauda kommune nå lyser ut oppgradering av Sauda rådhus på anbod, inneheld utlysingane ei solid utfordring til det lokale næringslivet.

I staden for å lysa ut kvart fag for seg, er oppdraga samla i to entreprisar; ein for bygningsarbeid og overflatar og ein for tekniske fag. Ingen lokale selskap har i dag alle faga i ei entreprise i si bedrift. Dermed må dei lokale føretaka samarbeida dersom dei skal levera inn anbod på oppdraga, som til saman har ei ramme på rundt ti millionar kroner.

«Dermed må dei lokale føretaka samarbeida dersom dei skal levera inn anbod»

I entreprisen for bygningsarbeid og overflatar ligg oppdrag innan tømrararbeid, maling, golv og murar. Den tekniske entreprisen femnar om elektriske anlegg, telekommunikasjonsutstyr, røyrleggararbeid, ventilasjon og blekkslagararbeid. Alle desse faga finst lokalt, men altså ikkje i same bedrift.

Å rekna på anbod er ingen liten og enkel jobb. Det gjeld å setta ein pris som gjer at ein har sjans til å få jobben, samtidig som at reknefeil kan få store konsekvensar. Anbodsutrekninga kan i mange tilfelle bli så krevjande at særleg dei minste bedriftene vel å stå over. Det gjer at mange ikkje kjem i posisjon til å levera varer og tenester til det offentlege, som på landsbasis kvart år kjøper varer og tenester i marknaden for 500 milliardar kroner.

Å skulla samarbeida om eit anbod med andre bedrifter gjer ikkje utfordringa mindre. Suksess krev skikkeleg lagarbeid der ein både må stola på samarbeidspartnarane og unna dei å lukkast. Og er entreprisane så interessante at ekstraarbeidet kan svara seg?

«eit ypparleg høve for lokale aktørar å testa ut eit tettare samarbeid»

Frå utsida ligg det nært å tenka at akkurat oppdraga i rådhuset må vera eit ypparleg høve for lokale aktørar å testa ut eit tettare samarbeid. Med solid lokalkunnskap i bagasjen skulle utgangspunktet vera det beste. Får ein det skikkeleg godt til, ventar fort ein millionjobb i rådhuset. Når ein ikkje opp, har ein skaffa seg god erfaring i samhandling med andre bedrifter, erfaring som kan komma godt med dersom liknande oppdrag skulle dukka opp, både i Sauda og utanfor kommunegrensene. Det handlar om å investera i eiga konkurransekraft.

Det blir interessant å sjå om aktørane i det lokale næringslivet ser mulegheiter og nytte i å gå inn i eit breiare anbodsamarbeid med andre bedrifter, eller om dei stort sett er fornøgde slik dei har det i dag. Då blir det fort utanbys firma som tar heile, eller i alle fall det meste av rådhusjobben.