Kvalitet å vera stolt av

Tilgangen til gode fjellbeite har i uminnelege tider vore avgjerande for ryfylkebonden. Ressursen desse beita representer har gjort det muleg å fø på langt fleire sauer enn kva tilfelle ville vore utan. I tillegg er fjellbeita i Ryfylke av svært god kvalitet. Det bør vera eit godt utgangspunkt for å skapa sterke merkevarer i matvaremarknaden.

«fjellbeita i Ryfylke er av svært god kvalitet»

Drygt fire år etter etableringa av «Fjellam frå Ryfylke» har det nå for alvor opna seg ei dør inn mot ein større marknad for saudabuen Johannes Herheim og dei andre 27 saueprodusentane bak denne merkelappen. Leverandørane har inngått avtale om leveranse av minst 10 000 lam til kjøttforedlingsbedrifta Prima Jæren. Samtidig vil den tradisjonsrike slakteribedrifta A. Idsøe AS i Stavanger nytta lam som har gått til fjells i Ryfylke i sitt prisløna pinnekjøt, i staden for å importera fårekjøtet. Det er eit godt kvalitetsstempel å få med seg på vegen.

«handlar ikkje bare om tilgangen på bognande friske urter og gras»

For å få levera kjøt til «Fjellam frå Ryfylke» må bøndene ha dyra gåande i fjellet minst åtte veker samanhengande. Fordelane med å ha sauene på heiabeite handlar ikkje bare om tilgangen på bognande friske urter og gras som gir sterke, sunne lam og smaksrikt lammekjøt. Dyr som går til fjells treng i langt mindre grad medisinering og snyltarbehandling enn dei som bare oppheld seg i låglandet. I eit forbrukarsamfunn der stadig fleire er opptatt av å vita kor maten dei et kjem frå og kva han inneheld, er dette sterke argument for å velja produkt med slikt opphav.

Etableringa av «Fjellam frå Ryfylke» og tilsvarande merkevarer handlar om å skapa seg eit namn som lett blir identifisert med råvarer av høg kvalitet. Strengt tatt er det litt rart at ikkje sauenæringa i regionen alt for lenge sidan har klart å bygga ei sterk, lokal merkevare. Kanskje heng det saman med ryfylkingen sitt litt smålåtne lynne? Etableringa handlar også om å få sleppa til og gjera sine produkt tilgjengeleg for fleire potensielle kundar, slik avtalen med Prima Jæren nå sikrar bøndene bak «Fjellam frå Ryfylke».

Til sist handlar det sjølvsagt også om pengar. Sauebøndene bak «Fjellam frå Ryfylke» får kvar for seg betre betalt for kjøtet gjennom avtalar som den med Prima Jæren. I det større bildet er det også oppløftande at ei pressa, norsk landbruksnæring arbeider for å finna nye måtar å foredla og formidla varene sine på. Med eit kvalitetsstempel og ei gryande merkevare i ryggen, kan dei fort lukkast med satsinga.