Lokalsamfunnet Sauda har alt» samla på eit lite geografisk område: Industri, handel, næringsliv, bustader, skular og barnehagar, gardar, fjord og fjell og ei rekke fritidstilbod. Men kva politisk parti er best for saudabuen i samband med det komande stortingsvalet?
Lokalsamfunnet Sauda har alt» samla på eit lite geografisk område: Industri, handel, næringsliv, bustader, skular og barnehagar, gardar, fjord og fjell og ei rekke fritidstilbod. Men kva politisk parti er best for saudabuen i samband med det komande stortingsvalet?

– Derfor bør du stemma på mitt parti

Ryfylke har utfordra ni listetoppar i Rogaland til å svara på eit utval spørsmål som angår Sauda. I denne avisa svarer dei på følgande spørsmål: Kvifor skal saudabuen stemma på ditt parti?»

Publisert Sist oppdatert

Høgre:

Listetopp: Tina Bru.

– Saudabuen skal stemma Høgre fordi me vil kutta utsleppa, men ikkje utviklinga i samfunnet. Me vil skapa grøne jobbar i heile Norge for å inkludera fleire i arbeidslivet, fordi me veit at dei største skilnadene i Norge er mellom dei som er i jobb og dei som står utanfor. Me meiner at satsinga på samferdsel er både god næringspolitikk og god distriktspolitikk. Me vil gi barna våre verdas beste skule, for at alle skal ha like mulegheiter for å lukkast i livet. Me vil også fortsetta å bygga pasientens helseteneste – fordi me set individet før systemet. Me heiar på enkeltmennesket, og meiner at ein skal få bestemma mest muleg sjølv, heile livet.

Venstre:

Listetopp: Iselin Nybø.

– Venstre vil skapa ei grøn framtid med fridom og mulegheiter for alle. Derfor kuttar me utslepp, satsar på skulen, og skaper nye arbeidsplassar. Venstre heiar på små og store jobbskaparar. Fordi verdiar må skapast før dei kan delast. Gjennom grøn vekst sikrar me velferd og berekraft for framtida.

Kristeleg Folkeparti:

Listetopp: Olaug Bollestad.

– KrF vil styrka familiane, ikkje styra dei. KrF vil auka barnetrygda endå meir for dei minste og innføra fritidskort slik at alle barn kan delta på fritidsaktivitetar. KrF vil ha gode barnehagar og skular med nok vaksne, og me er garantisten for kontaktstøtta som gir valfridom for familiane. Me vil ha mindre prøvar og stillesitting, og meir leik og utforsking for førsteklassingane i skulen. KrF vil at eldre skal kunna leva aktive liv og vera ein ressurs i samfunnet. Når behovet for hjelp kjem, skal alle eldre vera trygge på at dei får den hjelpa dei treng. Me vil verdsetta den innsatsen mange pårørande gjer for sine eldre og sikra avlastning for dei med store omsorgsoppgåver. Og så må me som ein rik nasjon aldri bli oss sjølv nok, men ta ansvar for å hindra klimaendringar og kjempa for dei som er fattige og forfølgde rundt om i verda.

Framstegspartiet:

Listetopp: Roy Steffensen.

– Rogaland treng eit sterkt FrP. Me opplever nå at fleire og fleire vil fasa ut landets viktigaste næring, noko som vil rama Rogaland særdeles hardt. FrP meiner me skal utvikla oljenæringa vidare, samtidig som me satsar meir på samferdsel, reduserte kostnader for næringslivet og ein betre skule. På denne måten får me samtidig fleire bein å stå på, og kan få vekst i resten av næringslivet. Vidare er FrP opptatt av å føra ein streng innvandringspolitikk, og me er for at folk skal få bestemma meir over eige liv, eigen eigedom og eigne pengar.

Senterpartiet:

Listetopp: Geir Pollestad.

– Senterpartikommunen Sauda har tett kontakt med stortingskandidatar og partiet sentralt. Eit Senterparti i regjering med to stortingsrepresentantar frå Rogaland vil vera det absolutt beste for den vidare utviklinga av Sauda. Ordførar Asbjørn vil få ei direkte dør inn i regjeringsapparatet. Senterpartiet har den beste distriktspolitikken, arbeidslivspolitikken og industripolitikken for Sauda! Sauda vil alltid tena på eit parti som har som mål å ta heile landet i bruk framfor sentralisering.

Arbeidarpartiet:

Listetopp: Hadia Tajik.

– Fordi alle treng jobbar å gå til, med ei løn til å leva av. Og fordi me vil sikra eit godt velferdstilbod, som er uavhengig av lommeboka og bustadadressa di. Dei siste åtte åra har dei store pengane blitt brukt på byane og på rike menneske som har fått skattekutt. Nå må det bli vanlege folk sin tur.

Sosialistisk Venstreparti:

Listetopp: Ingrid Fiskaa.

– Sauda har ei stolt historie og notid som industrisamfunn. Eg kjenner saudabuen som raus og inkluderande, glad i naturen og med vilje til å bygga eit variert lokalsamfunn. Folkets Hus og kultursatsinga er eit godt eksempel på kva ein kan få til! Desse verdiane stemmer godt med SV sin politikk. For alle som er opptatt av distriktspolitikk, sterke fellesskap og miljøet er SV eit godt alternativ. Alle kan ikkje bu i Stavanger eller innanfor ring 3 i Oslo, derfor vil me sikra at folk kan fortsetta å bu i distrikta. Då trengst det ein offensiv og heilskapleg politikk, og det har SV.

Raudt:

Listetopp: Mímir Kristjánsson.

– Raudt si hovudsak er kampen mot forskjells-Norge. Dette handlar både om geografiske og sosiale forskjellar. Me må sørga for at folk kan leva gode og trygge liv også i distrikta og at tilboda ikkje blir flytta inn til byane. Det gjer me gjennom ein effektiv politikk mot sentralisering og for sosial utjamning.

Miljøpartiet dei Grøne:

Listetopp: Ulrikke Torgersen.

– Fordi årets val er eit klimaval. Fordi klimastreikarane og dagens unge krev handling. Fordi dei er redde for ei framtid med store klimaendringar og etterlyser politisk vilje og mot til handling. Sidan før eg blei fødd har politikarar visst om klimakrisa. Dei har likevel ikkje gjort nok for å kutta utslepp og dermed konsekvent nedprioritert framtida til min og kommande generasjonar. Norge treng eit parti som set klima aller, aller høgast dersom me skal trygga livsgrunnlaget og framtida vår. Norge treng eit parti som tar på alvor det FN og det Internasjonale Energibyrået seier, altså at me må slutta å leita etter ny olje og gass nå! Me må ut av den fossile alderen og inn i det grøne skiftet. Det er MDG den einaste garantisten for.

Dette var fjerde og siste spørsmålsrunde med listetoppane frå Rogaland. Godt val!

Powered by Labrador CMS