Kraftlinjer2 aug 2021
FOTO: Knut Atle M. Seim

Klimaendringane gir dyrare straum

Straumprisane i vår del av landet er no rekordhøge for årstida. Det blir snakka om vinterprisar på sommartid. Og det blir snakka om klimaendringar. Kva skjer?

Ein gjennomsnittleg straumkunde i vårt område har fått ein prisauke i andre kvartal på om lag 25 prosent, samanlikna med prisen i eit normalår. Dei siste veke har straumprisen i fleire enkelttimar bikka éi krone per kWh (ekskludert påslaget frå straumleverandørane). Dette er rekordhøgt for årstida, og 2021 ligg an til å få den høgaste kraftprisen nokosinne. Til samanlikning var 2020 eit rekordbilleg år for norske straumkundar.

Det er mange og samansette grunnar til at me no må betala så «himla dyrt» for straumen. La oss ta den mest openbare først. Ein fin og tørr sommar gir gode ferieminne, men også lite vatn i vassmagasina våre. Nesten all straumen vår kjem frå vasskraft, og no er tilgangen lågare enn normalt. Dette får straumprisen til å stiga, men «vinterprisane» skuldast også at me no står overfor dramatiske klimaendringar.

Alt skal over på straum

Etter den alarmerande FN-rapporten som nyleg blei lagt fram, finst det ikkje tvil om kor mykje det hastar å få ned utsleppa våre. Elektrifiseringa av samfunnet er eit avgjerande tiltak for å lukkast med 1,5 graders målet. I Noreg er industrien, personbilar, tungtransport og oljesokkelen berre noko av det som no skal over på fornybar energi. Konsekvensen er at etterspurnaden etter vasskraft og annan grøn energi aukar kraftig. Dette pressar straumprisane oppover.

Men også det som skjer utanfor landegrensene påverkar straumrekninga vår her heime. Åtte av ti europearar brukar i dag olje, gass og kol til å dekkja sitt daglege energibehov. No skal denne typen fossile energikjelder erstattast med grøn, fornybar vind-, sol- og vasskraft. For å få til den snuoperasjonen, må forureining straffast så det svir. Prisen på såkalla utsleppskvotar i EU sin kvotemarknad er meir enn tredobla sidan mars i år. Det betyr at kraftprodusentar som lagar straum av kol eller gass må leggja på prisen for å kompensera for den auka CO2-avgifta. Det har stor betyding for din straumpris. Forvirra?

Viktig med utanlandskablar

Årsaka er at Noreg er ein del av ein europeisk kraftmarknad. Me er knytte til Europa både gjennom utanlandskablar og via kraftbørsar, der det føregår kjøp og sal av straum. Når konkurrerande energikjelder i marknaden blir dyrare, blir også vasskrafta dyrare.

Utanlandskablane blir ofte omtala som den store skurken når straumprisane er høge. Det stemmer at kablane bidreg noko til det høge prisnivået no, då straumen flyt dit prisen er høgast. Utan handelsmoglegheita ville straumprisane derimot ha vore meir variable og vesentleg høgare om vinteren, når forbruket vårt er høgast. Risikoen for å gå tomme for vatn og ikkje kunne importera straum ville dessutan ha pressa kraftprisane kraftig oppover – sjølv i år med normale nedbørsmengder.

Som straumleverandør er Haugaland Kraft ikkje involvert i import og eksport av straum. Det er Statnett som eig og driftar utanlandskablane, men me ser at der i straumkundane si interesse å ha desse utanlandsforbindelsane. Seinast søndag 15. august importerte Noreg 40 prosent av straumen vår frå utlandet, fordi straumen i denne perioden var billegare på kontinentet.

Kundane tek kontrollen

Både straumselskapa og straumkundane bør ta grep for å tilpassa seg ein ny kvardag med klimaendringar og svingande straumprisar. Ønskjer du meir føreseielege straumutgifter, kan dette vera tida for å vurdera ein fastpris-avtale. Det største grepet du kan gjera er likevel å redusera straumforbruket ditt, men me veit at det er lettare sagt enn gjort.

I Haugaland Kraft har me difor utvikla verktøy til kundane våre som gir oversikt over straumprisane time for time og forbruket ditt i sanntid. Dermed kan du flytta noko av forbruket ditt til dei billegaste timane i døgnet. Dette skal etter kvart skje automatisk, ved hjelp av smartstyring.

Eit døme er at elbilen din skal kunne koplast til kundeappen vår og automatisk begynna å lada når straumprisane er lågast, typisk midt på natta. Med utgangspunkt i timeprisane tysdag 10.august, straumavtalen vår «Følg Markedet» og ein elbilladar med effekt på sju kilowatt, kosta det 11,40 kroner meir å lada i løpet av dei seks dyraste timane i døgnet, samanlikna med dei seks billegaste timane. Dersom du ladar annankvar dag, vil du då spara i overkant av 2000 kroner i løpet av eit år. Flytting av forbruk må sjølvsagt skje på ein forsvarleg måte, og me åtvarar mot bruk av brannfarlege apparat som vaskemaskin, oppvaskmaskin og tørketrommel utan tilsyn.

I åra framover vil smart styring bli vanlegare og vanlegare i norske heimar. Me jobbar kontinuerleg med å få på plass fleire smarte funksjonar, både i kundeappen vår og i KraftPluggen, som me lanserte tidlegare i år. Kundane kjem også til å ta meir og meir kontroll over eige straumforbruk, og me ønskjer å vera med på denne utviklinga.

Sjå føre deg at du produserer din eigen straum og sel overskotet til naboane dine. Per i dag sel me solcellepanel med Skybatteri, eit virtuelt batteri der kunden sjølv kan ta ut oppspart solenergi når straumen er dyr, eller eventuelt selja overskotet sitt til oss. No utforskar me korleis me kan vidareutvikla denne tenesta og bidra til ein delingsøkonomi innan straummarknaden.

Langvarig striregn kan hjelpa

Klimaendringane vil påverka straumprisane våre i lang tid framover. Så kva må til for at me skal få billegare straum når sommaren snart er på hell og kulda set inn?

Me må håpa på ein søkkvåt haust her heime, og mykje sol og vind i Europa. I åra framover vil auka tilgang på sol- og vindkraft bidra til å pressa prisane nedover, men større innslag av slike variable energikjelder vil også bidra til større svingingar i straumprisen din. Realistisk sett må me generelt belaga oss på høgare og meir variable straumprisar enn det me er vande med.

Heldigvis er det som nemnt mange smarte og forbrukarvenlege løysingar på trappene. Og sjølv om det kanskje er ei mager trøyst, har Noreg framleis dei billegaste straumprisane i heile Europa over tid.