Naturressursane må vera for alle!

For nokre år sidan hadde eg ein hyggeleg samtale med Carl I Hagen. Etter ei stund endra samtalen karakter. Han prikka meg i brystkassen med knyttneven sin og fortalde at «jeg (altså han) og mine medborgere i Oslo betaler hvert eneste år flere milliarder ekstraordinær skatt for å holde liv i sånne som deg (meg) som bor i ulønnsomme utkanter!»

Då svara eg han at ingen tek ut meir utbytte frå vasskraftproduksjonen enn det Oslo kommune gjer i Hallingdal og Sogn. Er dette oss i utkantane sine pengar eller byfolket sine spurde eg? Då snudde han tvert og gjekk. Me er nok ueinige sa han då han forsvann.

Då vasskraftutbygginga starta for over hundre år sidan og då olja kom hadde me framsynte politikarar som sørgde for at dette skulle først og fremst vera folket sin eigedom.

Seinare har ikkje fokuset vore slik på andre naturressursar. Tvert imot, i denne regjeringa si styringstid har me opplevd at inntekter til lokalsamfunna (kommunane) er flytta over til selskap som bokfører inntektene sine i utlandet. Altså har inntekter til velferd i lokalsamfunna våre blitt flytta ut or landet vårt. Kvifor det kan ikkje eg skjøna.

For å få til verdiskaping treng me tre viktige ingrediensar: Kapital, arbeidskraft og naturressursar.

Eit godt eksempel på slik verdiskaping er Norsk Stein AS som driv Europa sitt største pukkverk i Suldal kommune. Dette er verdifullt for folk som ynskjer arbeid og for kommunen som treng arbeidsplasser. Grunneigarane får vederlag for steinen dei gir frå seg (vel fortent og rett!). Utover dette er det lite av verdien av denne naturressursen som fell tilbake på lokalsamfunnet. Eit anna eksempel på dette er Titania AS i Sokndal. Men kapitalen bak desse selskapa haustar rikeleg. Dei bokfører i utlandet, og lite skatt vert betalt til samfunnet der grunnlaget for butikken deira finst. Er dette rett?

Me kan ramsa opp mange døme på næringar som gjer store pengar på naturressursane våre og stilla spørsmål om avkastninga på desse vert rett fordelte.

Senterpartiet er tydeleg på at lokalsamfunna må få sin rettmessige del til glede for alle!

Godt val!