Plikt eller ikkje – bruk stemmeretten

Det er måndag det gjeld. Då skal igjen Ola og Kari Nordmann gå til stemmeurnene og seia sitt om kven som skal styra landet dei kommande fire åra.

Dersom du ikkje alt har gjort borgarplikta di og er blant dei rekordmange som har førehandsstemt ved dette stortingsvalet, bør du absolutt nytta høvet og stemmeretten din, anten i dag eller på sjølve valdagen måndag.

Norge har, ifølge det britiske tidsskriftet «The Economist», verdas best fungerande demokrati. På ein skala frå null til ti skårar Norge heile 9,8 poeng. På andreplass ligg Island med 9,4 poeng. Bare ni land skårar ni poeng eller betre. 23 land får åtte eller meir. I botnen med 1,1 poeng finn me Nord-Korea og Den demokratiske republikken Kongo (sic!).

«Norge har, ifølge det britiske tidsskriftet «The Economist», verdas best fungerande demokrati»

Demokratiindeksen til «The Economist» tar mellom anna utgangspunkt i valprosessar og mangfald, kor godt regjeringa fungerer, sivile rettar og politisk kultur og deltaking. Jo høgare valdeltaking, jo høgare legitimitet har valresultatet. Ved stortingsvalet i 2017 gjekk 78,2 prosent av dei røysteføre til stemmeurnene. Dette er i seg sjølv ikkje noko dårleg tal, men det er merkbart under rekorddeltakinga på 85,4 prosent frå 1965 og til dømes valdeltakinga hos «söta bror», der over 87 prosent nytta stemmeretten ved førre riksdagsval i 2018.

«Viss du ikkje stemmer, gir du ei stemme til partiet du liker minst»

– Viss du ikkje stemmer, gir du ei stemme til partiet du liker minst, konkluderte valforskar Frank Aarebrot for nokre val sidan. Utsegna var først og fremst eit spark til gruppa som ikkje stemmer fordi dei ikkje klarer å bestemma seg. Det bør ikkje vera god nok grunn til ikkje å stemma. Knapt nokon, til og med blant stortingsrepresentantar, er einige med alt eit parti står for. I ytste fall går det an å gi stemma di til partiet som har best politikk på ei enkelt sak du er opptatt av. Eller stemma blankt, som ei støtte til demokratiet, men ikkje til nokon av partia som stiller til val.

Apropos borgarplikt: Som så mykje anna i det norske samfunnet, er også det å stemma ved val altså frivillig og inga plikt. Ikkje juridisk sett, i alle fall. Moralsk sett står spørsmålet litt annleis. Då er uttrykket borgarplikt svært treffande.