Fråflytting og økonomi

Kommunane i Noreg har sjeldan hatt så god økonomi som no. Sidan Høgre kom til makta for åtte år sidan har dei sørga for at 39 kommunar har kome seg ut av ROBEK-lista.

Til tross for ei solid statleg styring av kommuneøkonomien har Sauda dei siste seks åra opplevd stadig meir fråflytting og dårlegare økonomisk handlingsrom.

Frå 2010 og fram til Senterpartiet tok makta i Sauda i 2015, opplevde Sauda ein auke på 29 personar. Etter Senterpartiet overtok makta i 2015 har me mista 173 personar. Som Ryfylke tidlegare påpeika er me no nede på 1930-nivå.

Sauda Høgre har fleire gonger dei siste åra varsla om at det ikkje er god nok kontroll på kommuneøkonomien og at det ikkje vert stimulert nok til skaping av nye arbeidsplasser frå kommunen si side.

Staten, leia av Høgre, har dei åtte siste åra gitt kommunanene i Noreg økonomien som trengs for vekst. Diverre har nokre av kommunane sjølv ikkje gjort nok ut av moglegheitene som er gitt.

Ja til fire nye år med god statleg styring der Høgre står som leiar.