Sondre Nilsen Nordvik viste gode tekniske ferdigheiter og var ein vrien motspelar for Stegaberg-laget. Christian Luis Dolmen og Olvar Jakobsson følger spent med på dribleraidet til lagkameraten.
Sondre Nilsen Nordvik viste gode tekniske ferdigheiter og var ein vrien motspelar for Stegaberg-laget. Christian Luis Dolmen og Olvar Jakobsson følger spent med på dribleraidet til lagkameraten. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Fotball:

G13 med knallstart på haustsesongen

Barne- og ungdomsfotballen er komen godt i gang igjen etter sommarpausen. For Sauda IL sitt G13-lag har haustsesongen starta på beste vis.

Måndag var Stegaberg motstandar på Sauda stadion. Før kampen stod begge laga utan poengtap så langt. Gjestene sin 3-2-siger borte mot Avaldsnes, som var rekna som ein av førehandsfavorittane i pulja, gjorde at det var eit spent saudalag som entra kunstgraset.

Kampen er ikkje meir enn tre minutt gammal før Stegaberg er i føringa. Bortelagets Luka Handeland Villumsen plukkar opp nedfallsfrukt i feltet etter eit hjørnespark og set ballen kontant i mål bak ein sjanselaus Noah Hovland i Sauda-målet. 0-1.

Baklengsmålet får heimelaget til å setta på turboen. Det neste kvarteret er eit oppvising i høgt, aggresivt press, samtidig som både pasningar og avslutningar treff der dei skal. Ti minutt etter kalddusjen står det 4-1 til heimelaget. Først utliknar Sebastian Aartun Thomassen. Så set kaptein Sondre Nilsen Nordvik inn 2-1 før same spelar legg press på ein Stegaberg-spelar slik at denne styrer ballen i eige mål til 3-1. 4-1 kjem etter at Iver Sørland har kriga ballen i mål etter eit hjørnespark.

Iver Sørland var omringa av motspelarar, men kriga til seg ballen og sette inn 4-1-målet til Sauda etter eit hjørnespark. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Utover i omgangen er ikkje Sauda like intense i presset og litt mindre treffsikre med den avgjerande pasningen. Dei blåkledde har likevel grei kontroll. Før dommar Even Lønseth bles av for halv tid har likevel gjestenes Villumsen redusert èin gong, før Eirik Røssland Garstad sikrar Sauda-leiing 5-2 til pause.

Sjansebonanza

6-2 kjem få minutt inn i andre omgang, og på ny er det unge Garstad som finn nettmaskene. Stegaberg kvitterer litt etter og reduserer til 6-3. Så, når det nærmar seg ein time spelt, kjem det som kanskje er kampens finaste angrep. Brage Fattnes fossar nedover på høgresida og legg ballen inn foran mål. Der kjem Sebastian Aartun Thomassen og hamrar ballen inn i nota, hans andre og Sauda sitt sjuande mål for dagen, til stor jubel blant dei nesten 60 (!) tilskodarane som følgde kampen.

Dei siste drygt ti minutta blir ein solid sjansebonanza for heimelaget, utan at det gir uttelling i målprotokollen. Gjestene har nok med å forsvara seg, og kampen ebbar ut med siger 7-3 til Sauda.

Olvar Jakobsson i fint driv mot Stegaberg-målet. FOTO: Knut Atle M. Seim.

Kampfakta:

G-13, 2. div. avd. 6, niarfotball:

Sauda stadion, 13.9.2021

Sauda              7 (5)

Stegaberg       3 (2)

4. 0-1 Luka H. Villumsen
7. 1-1 Sebastian Aa. Thomassen
9. 2-1 Sondre Nilsen Nordvik
11. 3-1 Sjølvmål
14. 4-1 Iver Sørland
26. 4-2 Luka H. Villumsen
33. 5-2 Eirik R. Garstad
37. 6-2 Eirik R. Garstad
43. 6-3 Stegaberg
57. 7-3 Sebastian Aa. Thomassen

Saudas lag (mål i parentes): Noah Hovland, Emrik Hoftun, Olav Vikeså jr., Brage Fattnes, Olvar Jakobsson, Eirik Røssland Garstad (2) , Kaspar Fatnes Skaarer, Brynjar Ness, Felix Fløgstad, Sebastian Aartun Thomassen (2), Christian Luis Dolmen, Iver Sørland (1) og Sondre Nilsen Nordvik (1).

Dommar:        Even Lønseth – kom godt frå debuten som dommar i 9ar-fotball!

Kort:                Ingen

Publikum:       Cirka 60

Resultat/tabellar:

G 13, 2. div. avd. 6:

Sauda – Vedavåg 4-1
Sauda – Djerv 1919 3 8-2
Haugar 2 – Sauda 2-5
Sauda – Stegaberg 7-3
1 Sauda 4 4 0 0 24-08 12
2 Avaldsnes 4 3 0 1 19-09 9
3 Stegaberg 3 2 0 1 12-09 6
4 Vedavåg 3 1 0 2 07-09 3
5 Djerv 1919 3 5 1 0 4 09-19 3
6 Haugar 2 3 0 0 3 05-22 0

G 14, 2. div. avd. 5

Vard Hgsd 2 – Sauda 4-3
Sauda – Kopervik 2-0
Vedavåg – Sauda 5-2
1 Vard Hgsd. 2 5 4 0 1 18-12 12
2 Vedavåg 7 3 1 3 19-19 10
3 Nord 1 4 3 0 1 17-06 9
4 Kopervik 3 2 0 1 19-04 6
5 Nord 2 3 1 1 1 08-11 4
6 Vard Hgsd. 3 4 1 0 3 20-17 3
7 Sauda 3 1 0 2 07-09 3
8 Skudenes 5 1 0 4 07-37 3

J15, 1. div. avd. 2:

Sauda – Stegaberg 26-0
Haugar 3 – Sauda 4-4
Falkeid – Sauda 1-6
1 Haugar 3 6 2 3 1 18-17 9
2 Sauda 3 2 1 0 36-05 7
2 Torvastad 3 2 1 0 26-06 7
3 Kopervik 4 2 1 1 12-14 7
4 Falkeid 6 1 2 3 14-16 5
6 Vinda/Skj/Vats/Vik 2 1 0 1 03-04 3
7 Haugar 1 0 0 0 0 00-00 0
8 Stegaberg 4 0 0 4 02-47 0

Menn 7. div. avd 03:

Bjoa – Sauda 2-2
Vindafjord – Sauda 1-2
Sauda – Ølen 2 4-1
1 Sauda 3 2 1 0 08-04 7
2 Rubbestadnes 2 2 2 0 0 07-04 6
3 Ølen 2 3 2 0 1 08-09 6
4 Bømlo 2 1 0 1 08-05 3
5 Vindafjord 4 1 0 3 09-07 3
6 Bjoa 2 0 1 1 07-08 1
7 Nedstrand 2 0 0 2 02-12 0