Forebygging framfor reparasjon

Perspektivmeldinga peikar på utanforskap som ei av dei største utfordringane samfunnet vårt står ovenfor. Då hjelper det lite å vedta eit mål om kor mange som skal fullføre vidaregåande slik Høgre gjekk til val på. Det må forebyggast tidleg, og det må settast inn ressursar. Vi i Senterpartiet meiner likevel det vil koste meir å la vere.

Med valkamp kjem både store lovnader og forventningar til kva skule og barnehage skal utrette. Utfordringa er når desse ikkje står ikke i stil med pengesekken til kommunen. Kommunane treng større handlingsrom for å yte gode tenester nær folk heile Noreg. Det handler om det aller viktigste for folk, at det er nok vaksne på skulen som ser, nok trygge fang i barnehagen, nok varme hender som har tid på sjukeheimen.

Det handlar å skape handlingsrom til å forebygge istaden for å reparere. Hjå elevar som fell ut av vidaregåande vil ein i mange tilfeller sjå at mykje kunne vore gjort endå tidlegare. Barnehagetilsette og tidlege barneskulelærarar vil i fleire tilfelle seie at dei har sett at dette barnet trong tettare oppfølging heilt frå starten av. Likevel har ein ikkje hatt ressursar til å gjere nok. Så går tida og åra, utan at innsatsen har vore tidleg nok, eller stor nok, og for det barnet, den ungdommen, og etter kvart den vaksne blir følgene katastrofale, men kunne i mange tilfeller vore unngått.

Fordi Noreg bruker svært mykje ressursar på tiltak som skal “reparere” unge mellom 15-20 år. Vi bruker ein stad mellom 60-70 milliardar kroner årleg på tiltak for unge som allereie har strevd altfor lenge. 0,14 prosent av den summen bruker vi på forebygging i den tida vi har størst påvirkningsvindu i barns utvikling, altså i barnehage og tidleg i grunnskulen.

Senterpartiet meiner ei forsterka oppfølging i barnehage og grunnskule vil bidra til at fleire klarer å fullføre vidaregåande opplæring. Vi går til valg på ein snuoperasjon i ressursbruken i heile utdanningsløpet for å hindra fråfall og utanforskap, til både samfunnet og enkeltindividet sitt beste.