Lisa Geir
FOTO: Senterpartiet.

Takk for støtten til Senterpartiet

Me har lyst til å takke alle dei som stemte på Senterpartiet i stortingsvalet. Me er sjølvsagt stolte over å vere partiet som går mest fram og at me både fekk fleirtal for eit regjeringsskifte i Noreg og at Rogaland Senterparti fekk to på Stortinget.

Me kjenner på eit stort ansvar for å vere med å styre dette fantastiske landet vårt. Mykje er bra i Noreg, men vårt mål er sjølvsagt at folk skal merke endring. Det skal bli meir oss og mindre eg, meg og mitt. Det skal bli ei ny regjering og eit stortingsfleirtal som ser og forstår heile Noreg.

Veljarane sin dom har alt avgjort mange viktige sakar. Høgre sin draum om 3-6 kommunar i Rogaland vert det ikkje noko av. Kommunane skal få konsentrere seg om å gje gode tenester til folk framfor å krangle om kommunegrenser. Det er òg klart at MDG sitt krav om stans i oljenæringa ikkje vert noko av. For fylket vårt er det å sleppe massearbeidsløyse ikkje noko å kimse av. No kan næringa konsentrere seg om kutt i utslepp og gradvis omstilling til nye energikjelder.

Senterpartiet vil ha vekst og utvikling i heile landet. Me vil gje innbyggjarane gode tenester nær der me bur. Me vil satse på rein og trygg norsk mat. Oppgåva er stor og det er med stor respekt me tek fatt på den. Me er opptekne av å ha eit godt samarbeid med både andre parti, Rogaland fylke og kommunane her til beste for innbyggjarane.