Diskotek er alltid poulært, og det er ungdomen sjølv som har valt ut musikken til fredagens arrangement.
Diskotek er alltid poulært, og det er ungdomen sjølv som har valt ut musikken til fredagens arrangement. FOTO: Privat.

Ungdomsfestival for sjette år på rad

Fredag startar Sauda ungdomsfestival, og i løpet av dei ti festivaldagane er det mykje å sjå fram til, enten ein er danseglad, speleglad, skyteglad eller berre glad.

– Kvifor ein vil ha ein eigen festival for ungdom? Det fins jo festivalar for vaksne, og snart er det tid for ”Barn er bra”, som er ein festival for dei minste. Då er det naturleg at også ungdommen får sin eigen festival, som blir på deira premisser, med innhald som dei ønsker seg. Eg er veldig glad for å få vere med og arrangere dette, seier ungdomsarbeidar i Sauda kommune, Magnar Birkeland.

Han fortel at Sauda ungdomsfestival har vore eit populært arrangement heilt sidan starten, og at alle arrangementa har stor takhøgde. Ifølge Birkeland er det fullt muleg å vere tilstade, utan å delta i konkurransar og aktivitetar.

– Først og fremst handlar dette om å møtast, så ein treng ikkje delta i alt. Dette er sjette året på rad at dette blir arrangert, og eg trur det er ganske unikt på nasjonalt nivå. Men det er veldig positivt at det blir sett av pengar til dette, for ungdommen i Sauda har hatt mykje bra å seie om opplegget. Dei mest populære innslaga har vi dermed behalde også i år, fortel han.

Leirduer og Fifa 22

Sauda ungdomsfestival startar med diskotek førstkomande fredag. Det er ungdomen sjølv som står for vala av musikk, og som alle andre arrangement under festivalen, er diskoteket berekna for ungdom i åttande til tiande klasse.

Eit anna innslag som har vist seg veldig populært, er leirdueskyting. Dette blir gjennomført måndag på Lyngmyr, og er det einaste arrangementet som krev påmelding gjennom Facebook. Det er  Sauda jeger- og fiskerforening som står for instruktørar.

Såpefotball er blant arrangementa som verkeleg har vore etterspurt blant ungdomen i Sauda, og dette kjem etter alt å døme til å bli gjentatt seinare i haust. FOTO: Privat.

Påfølgande tysdag blir det superpremiere på ungdomsklubben på Folkets Hus. Då får nemleg ungdomane testa seg i det heilt nye dataspelet Fifa 22, som eigentleg ikkje kjem ut på marknaden før månadskiftet.

– Dette er det mange som har sagt at dei gler seg ekstra til, så det er nok mange som kjem på dette arrangementet på klubben. Men også dei som ikkje er spelinteresserte er velkomne til å kome. Det er rett etter skuletid, og dørene er opne. På kvelden er det imidlertid ”girlsnight only” på klubben, seier Birkeland.

”Fear factor”

Magnar Birkeland har jobba tett på ungdom i heile sitt vaksne liv. Han fortel at ein lærer mykje når ein jobbar så tett på ungdom. Han har drive med ungdomsarbeid i Stavanger i 16 år, før han flytta til Sauda i 2017. Også her blei det arbeid i ungdomens teneste, og i løpet av dei siste åra har han gjort seg nokre tankar.

Å få heile Frisk & Rask treningssenter for seg sjølv, er eit tiltak mange ungdomar sett pris på. Treningssenteret har tidligare år stilt opp med instruktørar, opplyser Magnar Birkeland. Foto: Privat.

– Eg tenker at dei har det ganske bra, men det er nok nokre som saknar noko å gjere. I Sauda har ein gode tilbod om organiserte fritidsaktivitetar, men eg synest også det er viktig at ungdom har tilbod om uorganisert fritid saman. Det prøver vi å bidra til, og eg håpar dei likar det vi gjer. Eg blir glad når eg ser så godt oppmøte på klubben og på dei arrangementa vi får til, seier han.

Årets ungdomsfestival held fram på onsdag i neste veke. Etter ”Tabata-trening”, blir det festivalkveld på klubben, og dette er dagen for dei verkelege utfordringane. I alle fall om ein er av den lettskremte typen.

– ”Fear factor” har vore eit innslag som er gøy både å delta i og sjå på. Dette er konkurranse med småskumle og ekle ingrediensar, så vi får sjå kven som er tøffast, smiler Birkeland, og legg til at det blir fleire konkurransar og isbar utover onsdagskvelden.

Fotball og tipping

Festival-bingo trekte nesten hundre ungdomar då det blei arrangert sist, og dette blir på nytt arrangert torsdags føremiddag, før klubben held open etter skuletid. Den første søndagen i oktober blir årets ungdomsfestival avslutta med ein ettermiddag der nokre av ingrediensane er pizza, lykkehjul, direktesendt fotballkamp og tippekonkurranse.

– Det skjer noko i Sauda igjen, og sjølv om vi ikkje har avlyst festivalen uner korona, så blir det litt spesielt å kome skikkeleg i gang med aktivitetar igjen. Eg trur det er mange som gler seg til dette, avsluttar Birkeland.