Sauda har opplevd eit solid oppsving i interessa for friluftsliv dei siste to åra. Her er ein gjeng med unge i Sauda på tur til Vetrhus.
Sauda har opplevd eit solid oppsving i interessa for friluftsliv dei siste to åra. Her er ein gjeng med unge i Sauda på tur til Vetrhus. FOTO: Privat.

Jakt- og fiskeskulen i Sauda startar opp i oktober: – Passar for absolutt alle

Nye vener, frisk luft og nyttig lærdom om naturen er noko av det ein kan få med seg om ein melder seg på Sauda jeger- og fiskerforening sin jakt- og fiskeskule som startar i oktober.

– Erfaringane frå tidlegare arrangement, tiltak og turar vi har arrangert, viser at barn og unge veldig raskt blir engasjert og ivrige når dei kjem ut i naturen og får delta i sosiale ting utandørs. Vi ser massevis av glede, uansett kva bakgrunn ein har, om ein har vore mykje ute eller ikkje. Det skal vere ein låg terskel for å få noko ut av jakt- og fiskeskulen hos oss, fortel Yngve Thomassen, barne- og ungdomsleiar i Sauda jeger- og fiskerforening.

Ungdomsleiar i Sauda jeger- og fiskerforening, Yngve Thomassen (i gul vest), gler seg til jakt- og fiskeskule det kommande året. FOTO: Privat.

I oktober startar jakt- og fiskeskulen med ”bli kjend-kveldar” med ulike aktivitetar som skyting med luftgevær, matlaging på bål, film, spel og leik ved klubbhuset. Både ”bli kjend-kveldane” og dei fleste andre aktivitetane er delt inn i to grupper, der fjerde til sjuande klasse er for seg, medan åttande til tiande klasse er for seg.

Gret av glede

Det er lagt opp til eit allsidig program, der friluftsaktivitetane kjem med jamne mellomrom gjennom heile skuleåret. Den kommande hausten blir det mellom anna matlaging, spel og filmkveld, mens det blir både flogebinding og isfisketur i løpet av vinteren. Thomassen er sjølv ein ivrig fiskar, og fortel at sjølv små opplevingar kan kjennast godt for barn og unge som har ønske om å oppleve friluftsliv på nært hald.

– Sjølv om dette er kalla ein skule, er det nok meir avslappa enn namnet tydar på. Det er viktig at dei unge får vere med på kjekke ting, utan at det behøver å bli krevd så mykje av dei. Hovudsaka er at dei skal ha gode opplevingar i naturen, og ikkje minst med kvarandre.

Sauda har enorme friluftsområde som ventar på å bli utforska. Nokre vatn byr på flott aure, som desse som er fanga i Vetrhusvatnet. FOTO: Privat.

Kjensla av meistring er eit anna moment som Thomassen ikkje vil undervurdere viktigheita av. Han fortel mellom anna om ungdom som prøvde seg på flogebinding, der sjølv dei villaste ungdomane blei sittande stille i djup konsentrasjon. Ein annan gut fekk vere med på fiske i ferskvatn for første gong, då Rogaland jeger- og fiskerforening arrangerte fylkesleir ved Sandbekken. Thomassen var med som leiar.

– Det var ein gut som var kjempeinteressert i å fiske, men som aldri hadde komen seg til noko ferskvatn. Han fekk sin aller første aure, og gret av glede i båten. Det var spesielt, fortel ungdomsleiaren.

Alle kan delta

Det er Norges jeger- og fiskerforbund som har tildelt ulike lokallag midlar til å lage opplegg som jakt- og fiskeskulen i Sauda. Som mange andre prosjekt, var det opprinneleg meininga at opplegget skulle gjennomførast i fjor.

– Det var sjølvsagt koronaen som sette ein stoppar for det, men vi får det til i år, og vi gler oss veldig.  Vi har sett eit foreløpig tak på 20 deltakarar på kvart arrangement, og det har først og fremst med å gjere at vi berre er tre instruktørar. På enkelte av aktivitetane får vi imidlertid hjelp av folk med spisskompetanse, fortel Thomassen.

Neste år kan dei unge deltakarane sjå fram mot bygging av fuglekassar, skyting med rifle og hagle, samt fisketur til Sagfossen.

– Dette passar for absolutt alle, jenter og gutar, erfarne og ferskingar. Dette skal vere kjekt uansett, seier Thomassen til slutt.

Sauda jeger- og fiskerforening har fått eit solid oppsving i medlemstala dei siste to åra. Omlag 350 medlemmer har på denne tida blitt til 500 medlemmer.

Skyting med luftgevær, rifle og hagle er nokre av aktivitetane ein kan få med seg på jakt- og fiskeskulen i Sauda. Her frå eit tidlegare arrangement ved klekkeriet. FOTO: Privat.